Gabriel Auguste Daubrée

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gabriel Auguste Daubrée
Gabriel Auguste Daubrée.jpg
Fødd 25. juni 1814
Metz
Død

29. mai 1896
Paris

Yrke geolog, speleologist, professor
Gabriel Auguste Daubrée på Commons

Gabriel Auguste Daubrée (25. juni 181429. mai 1896) var ein fransk geolog og mineralog. Dei eksperimentelle undersøkingane hans over danninga av mineral og metamorfosen til bergartar var viktige og grunnleggande. Han studerte òg samansettinga og klassifikasjonen av meteorittar.

Daubrée var fødd i Metz og utdanna ved École Polytechnique i Paris. 20 år gammal var han utdanna gruveingeniør og i 1838 vart han leiar av gruvene i Bas-Rhin (Alsace) og så professor i mineralogi og geologi ved Vitskapsfakultetet i Strasbourg. I 1859 vart han sjefsingenør for gruvene og i 1861 geologiprofessor ved Museum d'Histoire Naturelle i Paris og vald inn i Det franske vitskapsakademiet. Året etter vart han professor i mineralogi ved École des Mines og i 1872 direktør for skulen. I 1880 gav Geological Society i London han Wollaston-medaljen. Han var òg medlem av Det svenske vitskapsakademiet frå 1892.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]