Gabriel Lippmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gabriel Lippmann
Gabriel Lippmann2.jpg
Gabriel Lippmann
Fødd 16. august 1845
Bonnevoie i Luxembourg
Død 13. juli 1921 (75 år)
SS «France», Atlanterhavet
Nasjonalitet Franskluxembourgsk
Institusjonar Sorbonne
Alma mater École Normale
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1908)

Gabriel Jonas Lippmann (16. august 184513. juli 1921) var ein franskluxembourgsk fysikar og Nobelprisvinnar. I 1883 vart han professor i matematisk fysikk ved Sorbonne i Paris, og i 1886 i eksperimentell fysikk.

Lippmann arbeidde mellom anna med undersøkingar av elektrolytisk polarisasjon og absolutte avgjersler av eininga ohm for resistans. Han fann opp ein direkte metode for fargefotografi i 1891, som ikkje fekk praktisk bruk. Denne metoden bygde på interferens mellom ljoset som fall direkte inn på ein film, og ljoset som vart reflektert frå ein spegl bak filmen. Interferensbiletet som oppstad var avhengig av bølgjelengda til ljoset. Ved belysning etter at filmen var framkalt, ville fargane i det ljoset som han var eksponert med, bli attgjeve. Metoden er omtrent den same som i dag blir nytta i holografi. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1908 for denne oppfinninga

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gabriel Lippmann