Gabriel Michelsen Bordvig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gabriel Michelsen Bordvig
Fødd 10. juli 1792
Austad
Død

25. juni 1881
Austad

Yrke bonde, skippar, politikar

Gabriel Michelsen Bordvig (10. juli 179225. juni 1881) var ein norsk gardbrukar, skipperborgar og stortingsmann frå Austad i Vest-Agder.

Han var son til ein gardbrukar i Bordvig, tok over farsgarden i 1816. I tillegg var han skipper og skipperborgar, dreiv med frakt av stykkgods frå Christiania til byane langs kysten, heilt til Bergen.

Bordvig representerte Lister og Mandals amtStortinget 1836-39 og 1845-48. Han var medlem av næringskomiteen i 1836 og på omframstortinget 1836-37, i 1839 av tollkomiteen og komiteen om navigasjonslova. 1845 og 1848 var han medlem av budsjettkomiteen.

Han døydde på slektsgarden i Austad i 1881.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]