Gabriel Monsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gabriel Monsen
Fødd 15. november 1798
Død

1. juli 1882

Yrke politikar

Gabriel Monsen (15. november 17981. juli 1882) var ein norsk losoldermann i Tananger, ordførar og stortingsmann.

Gabriel Monsen var son av ein losoldermann. Ein yrkesposisjon han sjølv hadde frå 1824. Han var også gardbrukar, og tillegg postopnar, gjestgivar, landhandlar og skipsreiar.

Han var den første ordføraren i Håland herad (nærast dagens Sola). Ordførar i Håland 1837-41, 1846-49, 1854-55, 1860-79, samt forlikskommissær i mange år.

Monsen var valmann ved alle valting til stortingsval frp 1832 til 1879, bortsett frå eit val. Han var stortingsmann for Stavanger amt 1842-1848, vald som 3. representant i 1842, sidan som 4. representant. På alle tingsamlingane var han medlem av tollkomiteen. 1851 og 1854 var han 1. varamann til Stortinget.

Lokalt er han kjend for å ha bygt det såkalla Monsenhuset i Tananger, der han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]