Gabriel Olsson Ueland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gabriel Olsson Ueland
Fødd24. august 1828
Lund
Død14. april 1888 (59 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
FarOle Gabriel Ueland
Alle verv

Gabriel Olsson Ueland (24. august 182814. april 1888) var ein nordk lærar, lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Heskestad i Rogaland. Ole Gabriel Ueland var far hans, Jonas Ueland ein bror.

Ueland gjekk i omgangsskule og las privat hos soknepresten i Lund. Ein vinter fekk han undervisning i Christiania. Sidan var han lærar i nokre år. Deretter var han 1856-71 lensmann i Heskestad. Frå 1859 var han gardbrukar på Ueland til han døydde. Han var ordførar nokre år og medlem av forlikskommisjonen.

Ueland representerte Stavanger amtStortinget frå 1862 til 1880. Han var 1862-63 medlem av kyrkjekomite nr 1, 1865-66 av kyrkjekomiteen og frå 1868 til -74 sekretær i justiskomite nr 2. 1875-76 medlem av justiskomiteen og 1877-80 medlem av valkomiteen og av gasje- og pensjonskomiteen. Ueland var medlem av Lagtinget 1871-73 og sekretær i same 1874-79. Han var visesekretær i Lagtinget i 1880 fram til 23. februar. Grunna sjukdom vart han då permittert, og møtte ikkje sidan på Stortinget, endå om han var vald for sesjonane 1880-82.

Han døydde på garden sin i Heskestad i 1888.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]