Gabriel Rasch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gabriel Rasch

Gabriel Rasch.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. april 1976
Hole
Idrett landevegssykling
Tok del i

Vuelta a España, Sommar-OL 2008

Gabriel Rasch

Ole Gabriel «Gabba» Rasch (fødd 8. april 1976 i Hole kommune) er ein tidlegare norsk syklist.

Rasch vart noregsmeister i NM i landevegssykling i 2003, og nummer 2 i NM i 2001. I 2006 vann han Ringerike Grand Prix samanlagt, og i 2007 vann han ein etappe og samanlagt i Rhône-Alpes Isère Tour.

Den 2. august 2007 vart det kjent at han frå 2008-sesongen vart lagkamerat med Thor Hushovd i sykkellaget Crédit Agricole. Då Crédit Agricole vart lagd ned etter sesongen, fekk dei begge kontrakt med Cervélo TestTeam. Dette laget vart lagd ned før 2011-sesongen, men ein stor del av laget, både ryttarar og folk i hjelpeapparatet, blei innlemma i Garmin-Cervélo. I 2012 sykla Rasch for det franske laget FDJ-BigMat, før han blei lagkamerat med Edvald Boasson Hagen i Sky Procycling i 2013. Etter at han sykla sitt siste ritt som aktiv i Paris-Roubaix i april 2014, gjekk Rasch over i rollen som sportsdirektør i Sky.

Rasch har fem gonger tatt del i ein såkalla Grand Tour. Han sykla Vuelta a España (Spania rundt) i 2008 og 2009, og Giro d'Italia i 2010. I 2012 sykla han begge desse. Han deltok i landevegsrittet under OL i Beijing i 2008.

Lag[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gabriel Rasch – Profil hos Cycling Archives. Besøkt 26.09.2014.