Gabriel Schanche Kielland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gabriel Schanche Kielland (4. mars 17605. mars 1821) var ein norsk forretningsmann og konsul. Han vart fødd og døydde i Stavanger. Slekta Kielland var på 1800-talet ei leiande handelsslekt i Stavanger.

Han arva ei rimeleg stor formue og heldt fram faren sitt handelshus under namnet «Jacob Kielland & Søn». Han var òg sjef for borgarvæpninga i Stavanger i 1784 og formann for dei utvalde mennene i byen frå 1786-1821. Som britisk visekonsul, preussisk konsulatmandat og hamburgsk visekonsul hadde han rimeleg store inntekter dels i forhandlingar med kaperar og innløysing av priser, dels i form av provisjon ved auksjonar over vrakgods.

I striden med England i 1801 organiserte han borgarvæpninga og innreidde batteria i tenleg stand. «Da Misvæxt i 1801 og 1802 og Vanskelighed for Tilførsel af Korn foraarsagede Mangel og Dyrtid i Stavanger Amt som i det hele vesten- og nordenfjeldske Norge, forsynede han uden mindste Fordel Byen og Distriktet med Korn, og det saa rigeligt, at Stavanger Amt kunde undvære og frabad sig den kongelige Understøttelse til Hjælp i Nøden, som de andre Amter begjærligen modtog.» Han mottok Kongen sin gullmedalje for edel dåd 17. juni 1803, han vart utnemnd til kongeleg agent med justisråd-rang i desember 1803, og Riddar av Dannebrogs orden 1809.

Kielland sette i gang bygginga av Ledaal til sommarbustad i 1799. Praktbygget stod ferdigstilt i 1803, og var sidan sete for eit pompøst selskapsliv. Jens Zetlitz var ein viktig bidragsytar ved festane.

Ved valet til Eidsvoldsforsamlinga var det eit lengre sjukeopphald som hindra han i å stille som kandidat. Han vart innvald som stortingsrepresentant frå 1815, men avstod frå vervet av omsyn til den svake helsa si.

Då han døydde var «Jacob Kielland & Søn» rekna som det førande handelshuset i landet.

Slekt[endre | endre wikiteksten]

Forfattaren Alexander Lange Kielland og målarinna Kitty Kielland var oldebarn av Gabriel Schanche Kielland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]