Gabriel Scott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gabriel Scott
Gabriel Scott.jpg
Fødd 8. mars 1874
Leith
Død

9. juli 1958
Arendal

Gabriel Scott på Commons

Gabriel Scott Jensen (8. mars 18749. juli 1958), kjend som Gabriel Scott, var ein norsk forfattar, kjend for mellom anna verka Fant og Tante Pose.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Gabriel Scott Jensen var son av presten Svend Holst Jensen (1846–1908) og komponisten og forfattaren Caroline Mathilde Jensen fødd Schytte (1848–1935).

Scott vart fødd i Leith nær Edinburgh i Skottland, medan faren var sjømannsprest der. Då han byrja å skriva for å få det utgitt rådde far hans han til å bruke mellomnamnet Scott som etternamn for at folk lettare skulle kjenna namnet att. Ei tid brukte han også psevdonymet Finn Fogg.

I 1883 flytta familien til prestegarden på Høvåg vest for Lillesand, men i 1887 flytta Gabriel til Kristiansand for å studera. Han gjekk tre år på realskule og tok eksamen ved Skiensfjordens mekaniske fagskole i 1894.

I 1915 gifta Scott seg for andre gong, då var han som 41-åring enkemann etter den fyrste kona. Det andre ekteskapet enda i skilsmål i 1918, og han gifta seg på nytt allereie same året. På denne tida budde han på Tromøya utanfor Arendal. I 1915 fekk Scott skøyte på det som vart kjend som Maagereiret, ved Galtesund på Tromøy.

I 1936 vart Scott tildelt Gyldendals legat. Han fekk statleg kunstnarløn i 1951.

Verk[endre | endre wikiteksten]

I ungdomen skreiv Scott sine første litterære verk, som var ei rad dikt som vart publisert i lokalavisene. Han var inspirert av Jonas Lie og Sigbjørn Obstfelder. Blant venene hans var sørlandsforfattarane Thomas og Vilhelm Krag.

I 1894 Scott han med den nyromantiske diktsamlinga Digte. Etter kvart skreiv han fleire dikt, teaterstykke, barnebøker og nokre noveller. Verka hans har ein lyrisk grunntone og kan byggja på folkeliv, vera eventyrlege skildringar eller ha religiøst tilsnitt.

Tante Pose (1904) var ei morosam juleskildring som fekk stor suksess. Også Himmeluret (1905) var ein kvass komedie sett på Sørlandet. Teaterstykket Babels taarn (1910) var eit kontroversielt komedisk innlegg i den norske språkstiden. Barnebøker som Trip, trap, træsko (1902) og eventyret Det flyvende bord (1905) var populære.

Fant (1928) og fortsetjinga Josefa (1930) skildrar omstreifarliv på Sørlandet. I De vergeløse (1938) tok han opp liva til barneheimsborn. Romantrilogien En drøm om en drøm (Våren, 1940, Sommeren, 1941 og Høsten, 1947) gjev eit tilbakeblikk over Scotts eige liv.

To verk med undertittelen «En saga om fædrelandssind»; Jernbyrden; historien om Jan Vibe (1915) og Enok Rubens levnedsløp (1917), er vorte omtalt som noko av det beste han skreiv, medan Fergemannen (1952) er rekna som eit høgdepunkt i den religiøse diktinga hans.

Kilden vert rekna som hans største verk, og kom ut etter fyrste verdskrig. Romanen handlar om den fromme fiskaren Markus og hans gode syn på livet, trass i sterk motbør frå mange medmenneske. Markus klarar å setja pris på alt i livet, om det er godt eller ikkje fullt så godt.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Digte (1894)
  • Dag (1895)
  • Vester i Skjærene (1896)
  • Aftenrøde (1896)
  • Fugl Føniks (1898)
  • Lillehavns mysterier. Glade historier fra en liden by (som Finn Fogg. 2 bd., 1898–1900)
  • Hellige tre konger (1900)
  • Jagtjournalen. En bog om havet, kysten og skogene (1901)
  • Trip, trap, træsko (1902)
  • Siv. Nye digte (1903)
  • Tante Pose (1904)
  • Himmeluret (1905)
  • Camilla Dyring (1906)
  • Det flyvende bord (1905)
  • Gutten i røiken eller en ny bok om Hollænder-Jonas (1910)
  • Babels taarn (1910)
  • Sølvfaks som reiste ut i den vide verden (1912)
  • Kari Kveldsmat (1913)
  • Jernbyrden; historien om Jan Vibe (1915)
  • Enok Rubens levnedsløp (1917)
  • Kilden eller Brevet om fiskeren Markus (1918)
  • Det gyldne evangelium (1921)
  • Stien eller Kristofer med kvisten (1925)
  • Vindholmens beskrivelse (1919)
  • Sven Morgendug (1926)
  • Hyrden (1927)
  • Fant: Et blad av de reisendes bok (1928)
  • Josefa. Fortællingen om en mor (1930)
  • De vergeløse. Et barns historie (1938)
  • En drøm om en drøm
    • Våren (1940)
    • Sommeren (1941)
    • Høsten (1947)
  • Årringer (1945)
  • Fergemannen (1952)

Filmar som byggjer på bøker av Gabriel Scott[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gabriel Scott (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 29. desember 2013.
  • Gylseth, Christopher Hals, Gabriel Scott (13. februar 2009), Norsk biografisk leksikon. Henta 29. desember 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur