Gabriel Smith (1784)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gabriel Smith)
Gabriel Smith (1784)

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. september 1784
Skoger
Død

15. mai 1855 (70 år)
Strømsgodset kommune

Yrke forretningsdrivande, politikar
Språk norsk
Far Anders Smith

Gabriel Smith (4. september 178415. mai 1855) var ein norsk forretningsmann og stortingsmann frå Skoger i Buskerud.

Smith var son til ein trelasthandlar og godseigar. Ti år gammal vart han send til krigsskulen i Christiania, utnemnd til sekondløytnant i 1805 og premierløytnant i 1810. Han slutta offiserstenesta i 1815, for å drive gardane Strøm, Sundland, Pukerud og Imjelt i Skoger. Smith budde dei fyrste åra på Sundland, sidan på Smithestrøm i Strømsgodset.

Smith møtte i 1821 på Stortinget frå 20. februar som varamann for Hans Hovbrænder og Jarlsberg grevskap. I sesjonen var han medlem av åtte komitear; sekretær både i komiteen om handels- og gardbrukareksamen og i komiteen om Krokskogen allmenning. Han var andre representant for Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget 1833, medlem av næringskomiteen. Smith var ordførar i Strømsgodset herad frå 1837 til 1843. Han heldt fram som ordførar i Skoger då dei to herada vart slegne saman i 1843, eit ombod han hadde til 1854. Året etter døydde han på Smithestrøm i Strømsgodset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]