Gabriel Voisin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gabriel Voisin

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 5. februar 1880
Belleville
Død

25. desember 1973 (93 år)
Ozenay

Yrke ingeniør, forretningsdrivande, flygar
Språk fransk
Gabriel Voisin på Commons
Henri Farman, til venstre og Gabriel Voisin.

Gabriel Voisin (5. februar 188025. desember 1973) var ein fransk flypioner.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Voisin vart fødd i Belleville-sur-Saône i Frankrike. Faren forlét familien etter at dei to år yngre brørne hans vart fødde, og mora flytta attende til heimstaden sin, Neuville-sur-Saône. Det vart bestefaren Charles Forestier, ein fabrikkeigar, som tok hand om oppsendinga til gutane med militær justis. Gutane var særs teknisk interesserte og bygde på eiga hand ulike tekniske innretningar som ei rifle, ein dampbåt, eit glidefly og ein slags bil.

Første eksperiment[endre | endre wikiteksten]

Etter teknisk utdanning i Lyon fekk Gabriel i 1900 oppdrag som teiknar og konstruktør for Verdsutstillinga i Paris der han møtte Clément Ader, noko som førte til at han fatta interesse for fly og flyging.

I juni 1905 testa Gabriel Voisin eit glidefly som vart taua etter ein rask båt på Seinen. Flyvengene var bygde som ein drakeliknande konstruksjon lik den engelskmannen Lawrence Hargrave hadde bygd få år tidlegare. Ein konstruksjon som gav maksimalt løft med minimal vekt. Voisin vart taua opp i lufta og slept etter båten nesten 200 meter. Då flyet gjekk ned vart han vikla inn i tauverket til vengekonstruksjonen, og var nær ved å drukna

I 1906 danna han og Charles verdas fyrste «flyfabrikk», Les Frères Voisin.

I 1909 vart Gabriel utnemnd til riddar av Æreslegionen i ein alder av 29 år som til då den yngste riddaren av denne legionen.

Canard Voisin[endre | endre wikiteksten]

Det første hangarskipet i verda, franske «La Foudre» med eit Canard Voisin sjøfly under ei marineøving i juni 1912.

I 1910 utvikla Gabriel og Charles flyet Canard Voisin. I likskap med Wright-brørnes Flyer hadde flyet Canard Voisinvingane bak og styreflatene foran. Det vart eit populart fly i åra før første verdskrig. Utsyrt med flottørar vart det fyrste sjøflyet i verda for den franske marinen Canard var utstyrt med ein 60HK Anzani stjernemotor.

Under fyrste verdskrigen bygde han ei større mengd Voisin-bombefly, men etter krigen tok han farvel med flygingen og bygging av fly på grunn av det han hadde opplevd av dei øydeleggingane som hans bombefly hadde forårsaka. Frå då av og fram til han døydde i 1960 konsentrerte han seg om produksjon av bilar. Dei fyrste bilane hans var nokre av dei mest luksuriøse med unike tekniske detaljar som vann fleire utmerkingar. Etter 1945 vende han seg mot mini-bilar for folk flest, ein bil kalla «Biscooter» som òg vart bygd på lisens i Spania på 1950-talet under namnet «Biscuter».

I 1965 fekk han den høgaste graden av Æreslegionen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]