Gabriele Münter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gabriele Münter

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 19. februar 1877
Berlin
Død

19. mai 1962 (85 år)
Murnau am Staffelsee

Yrke kunstmålar, teiknar, grafikar, kunstnar
Språk tysk
Medlem av Der Blaue Reiter, Neue Künstlervereinigung München
Partnar Vasilij Kandinskij, Johannes Eichner
Gabriele Münter på Commons

Gabriele Münter (19. februar 187719. mai 1962) var ein tysk ekspresjonistisk målar som var ein forgrunnsfigur mellom avantgarde-kunstnarane i München.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Münter hadde storborgarleg bakgrunn. Begge foreldra var døde før hundeårsskiftet, noko som gjorde at ho sat med ein stor arv. Ho reiste då mellom anna eit par år i USA, saman med ei syster. Den økonomiske rikdomen, kjennskap til sosiale miljø i fleire land, samt personleg frisinn, sette henne i stand til å søke eit mykje friare liv enn andre kvinner i samtida.

Frå 1902 var Münter elev av den russiske kunstnaren Vasilij Kandinskij ved den progressive Phalanx-skulen i München. Saman med Kandinskij og Aleksej von Jawlensky stifta ho Neue Künstlervereinigung i München i 1909. Ho bidrog til fleire av dei viktige avantgarde-utstillingane i Tyskland føre verdskrigen, mellom anna på utstillingane til Der Blaue Reiter-rørsla.

Etter fyrste verdskrigen flytta ho mykje rundt, til dess ho slo seg ned i Murnau am Staffelsee i Oberbayern, der ho og Kandinskij hadde budd i lag sommarmånadene åra 1909-14. Ho måla oftast landskap, stilen hennar minner meir om Jawlensky sin stil enn Kandinskij sin.

Münter levde eit tilbaketrekt liv fram til ho i samband med 80-årsdagen i 1957 donerte 120 Kandinskij-bilete og 60 av sine eigne, i tillegg til bilete av ei rad andre leiande 1900-talskunstnarar, til München by.

Gabriele Münter døydde og vart gravlagd i småbyen Murnau i 1962.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]