Gabriella Dorio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gabriella Dorio

Statsborgarskap Italia
Fødd 27. juni 1957 (66 år)
Veggiano
Yrke mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar
Språk italiensk
Høgd 168 centimeter, 167 centimeter
Gabriella Dorio på Commons

Gabriella Dorio (fødd 27. juni 1957) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Veggiano i Padova-provinsen som vart olympisk meister på 1500 meter i 1984, og vann bronsen på same distansen ved EM 1982.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Allereie 16 år gammal tok Dorio si fyrste nasjonale gullmedalje på mellomdistanse. Ti gongar i tida 1973-84 vart ho italiensk meister på 1500 m og sju gongar i tida 1974-83 vann ho 800 m. Fram til 1976 satsa Dorio både i baneløp og terrengløp. Vinteren 1976 vart ho då også nummer tre i VM i terrengløp i Chepstow i Storbritannia.

Dorio fekk delta på 1500 m då Roma arrangerte friidretts-EM 1974 og 17-åringen kvitterte med å ta seg til finalen der ho vart nummer ni. Ved dei neste store meisterskapane, OL 1976 og EM 1978, enda ho på sjetteplass på 1500 m. Den 5. juli 1980 gjorde ho sitt livs raskaste 800 meter på tida 1.57,66 i Pisa. Under sommarleikane i Moskva seinare i juli 1980 vart ho nummer fire og åtte på dei to mellomdistansane.

Våren 1982 vann Dorio 1500 meter ved innandørs-EM i Milano. Den 25. august same året var ho tilbake i Pisa og sette personleg rekord på tida 3.58,6. Vel fjorten dagar seinare fekk ho notert tida 3.59,0 då ho sikra seg bronsen på 1500 m ved EM 1982 i Aten, slått av to utøvarar frå Sovjetunionen.

Høgdepunktet for Dorio kom då ho vann OL-gull på 1500 i Los Angeles i 1984, eit halvt sekund framom rumenske Doina Melinte og med Maricica Puică på bronseplass. Også på 800 m var Dorio med i medaljestriden og enda på fjerdeplass, 0,22 sekund bak bronsevinnaren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1974 i Roma: Nr 9 på 15 00 m – 4.12,7
  • OL 1976 i Montreal: Nr 6 på 1500 m – 4.07,2. Utslått i semifinalane på 800 m (2.02,4 =nr 15)
  • EM 1978 i Praha: Nr 6 på 1500 m – 4.01,3. Utslått i semifinalane på 800 m (2.00,5 =nr 9)
  • OL 1980 i Moskva: Nr 4 på 1500 m – 4.00,3, nr 8 på 800 m – 1.59,12
  • EM 1982 i Aten: Bronsemedalje på 1500 m – 3.59,0
  • VM 1983 i Helsinki: Nr 7 på 1500 m – 4.04,7
  • OL 1984 i Los Angeles: Gullmedalje på 1500 m – 4.03,2, nr 4 på 800 m – 1.59,05
  • VM 1991 i Tokyo: Utslått i forsøka på 800 m (2.07,5 =nr 28) og 1500 m (4.09,3 =nr 18)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]