Gabrielle Drake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gabrielle Drake
Fødd30. mars 1944
FødestadLahore
Verka somteaterskodespelar, filmskodespelar
MorMolly Drake

Gabrielle Drake (fødd 30. mars 1944) er ein britisk skodespelar som vart fødd i Lahore i Britisk India (no Pakistan) og budde i fleire land i fjerne austen (inkludert Burma der broren hennar, musikaren Nick Drake, vart fødd).

Sjølv om Drake er klassisk skulert skodespelar som har spelt mykje Shakespare er ho kanskje mest kjend for rolla som Lt. Gay Ellis i science fiction tv-serien UFO. I serien jobba Lt. Gay Ellis på månebasen, som var jordas første forsvarsverk mot invaderande UFO-ar. Kostyma Drake og medskodespelarinnene hennar brukte inkluderte gråe catsuits og lilla parykkar (grunnen til dette vart aldri forklart i serien). Sjølv om ho er blant dei best hugsa skodespelarinnene frå serien var ho berre med i omtrent halvparten av dei 26 episodane som blei produsert. Ho forlét serien midtvegs for å prøve lukka andre stader. Av filmane ho har medverka i er desse av dei meir kjende; There's a Girl in My Soup mot Peter Sellers, Au Pair Girls og ei fjernsynsfilmatisering av The Importance of Being Earnest.

Ho har også vore med i fleire britiske tv-seriar, mellom andre Coronation Street, The Brothers, The Avengers, The Kelly Monteith Show og Crossroads. Etter fjernsynskarriera har Drake spelt meir teater og har opptredd på fjernsyn av og til.