Hopp til innhald

Gabry Ponte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gabry Ponte

Fødd20. april 1973 (53 år)
FødestadTorino
FødenamnGabriele Ponte
OpphavItalia
Aktiv1998
Sjangereurodance, Italo dance, dansemusikk, electro house
PlateselskapUltra Records
Verka somklubb-DJ, DJ, musikkprodusent, radioprogramleiar, musikar

Gabriele «Gabry» Ponte (fødd 20. april 1973)[1] er ein italiensk musikar, DJ og produsent, mest kjend som medlem av Eiffel 65.

Med Eiffel 65 sitt gjennombrot på slutten av 1990-talet gjekk han seinare vidare til å produsere dei italienske hit-singlane «Geordie», «Time to Rock», «Got to Get» og «La Danza delle Streghe», saman med ei rekkje remixar av populære songar. I 2005 kunngjorde Ponte at han ville skilje lag med Eiffel 65 for å satse på ein solokarriere. I 2006 grunnla han plateselskapet Dance and Love, som han framleis eig og driv. Han produserte òg den internasjonale hitten «Tacata'» i 2012 av dansemusikk-trioen Tacabro, og gav ut singlane «Beat on My Drum» (med Pitbull og Sophia del Carmen) og «Buonanotte Giorno». Han representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2025 med songen «Tutta l’Italia», der han kvalifiserte seg til finalen og enda på 26. plass (sist) med 27 poeng.

Ponte kom inn på DJ Mag si liste over dei 100 beste DJ-ane i verda frå og med 2014.[2]

1997–2003

[endre | endre wikiteksten]

I 1997 danna Ponte gruppa Eiffel 65 saman med Jeffrey Jey og Maurizio Lobina. Debutsingelen deira, «Blue (Da Ba Dee)», kom ut året etter og toppa hitlistene verda over, og selde over 8 millionar eksemplar. Det første albumet deira, Europop, selde ytterlegare 4 millionar. I år 2000 vann dei European Music Award i kategorien «Beste italienske artist i verda».

Seinare produserte han den italienske hitten «Geordie» i 2001 (ein cover av Fabrizio De André sin song med same namn, framført av Stefania Piovesan), som fekk gullplate for sal over 25 000 eksemplar.[3] Han stod òg bak hittane «Got to Get» (2001), «Time to Rock» (2002) og «La Danza delle Streghe» (2003, engelsk: «The Dance of the Witches»). I tillegg laga han fleire remixar av populære songar, mellom anna «Giulia» av Gianni Togni og «Dragostea din tei» av O-Zone i 2003.

Gabry Ponte i 2011.

2005–2009

[endre | endre wikiteksten]

I 2005 kunngjorde Ponte at han forlét Eiffel 65 for å fokusere på solokarrieren sin. I 2006 grunnla han plateselskapet Dance and Love, som i dag er eitt av dei viktigaste uavhengige dance-labela i Italia. Han gav òg ut songen «Vivi Nell’Aria» saman med Miani på Zooland Records. Songen nyttar eit sample frå «The Moon» av ItaloBrothers.

2012–2014

[endre | endre wikiteksten]

I 2012 gav Ponte ut singelen «Beat on My Drum» med Pitbull og Sophia del Carmen, som nådde 11. plass på den amerikanske Hot Dance Club Songs-lista. Same året produserte han den internasjonale hitten «Tacata'» av Tacabro. Samtidig starta Ponte fleire soloprosjekt, og singlane og remixane hans gjorde det sterkt på dei europeiske hitlistene. I 2014 vart «Buonanotte Giorno» ein sommarhit i Italia og nådde topp 10. Same året kom han inn på DJ Mag si Top 100-liste på 61. plass, som den høgast rangerte italienske DJ-en.[4]

2021–i dag

[endre | endre wikiteksten]

Blant dei mest suksessrike samarbeidane hans finn vi «Thunder» (2021) med LUM!X og Prezioso, og «Can’t Get Over You» med {{ikkjeraud|Aloe Blacc. I 2022 gav han ut «Call Me» med Timmy Trumpet og R3HAB, «The Finger» med Georgia Ku, og sommarhitten «We Could Be Together» saman med LUM!X og Daddy DJ. Denne fekk gullplate i Italia, Nederland, Belgia og Frankrike.

I 2022 representerte Ponte Austerrike i Eurovision Song Contest som medlåtskrivar og produsent av songen «Halo», framført av LUM!X og Pia Maria. Blant dei siste klubb-utgjevingane hans er samarbeid med artistar som Blasterjaxx, Justus, DJs From Mars og Vini Vici, samt offisielle remixar for Sigala, Sam Feldt og David Guetta.

Ponte opptrer i Eurovision Song Contest 2025

Den 6. desember gav Ponte ut «Losing You – Spotify Singles», laga til Spotify Wrapped 2023, som ei hyllest til The Police-låta «Every Breath You Take», 40 år etter utgjevinga. I 2023 spelte han 90 konsertar i 11 land, framfor meir enn 700 000 dansande publikummarar.

Eurovision Song Contest 2025

[endre | endre wikiteksten]

I 2025 vann Ponte retten til å representere San Marino i Eurovision Song Contest 2025 med songen «Tutta l’Italia», som opphavleg vart komponert som temasong for Sanremo-festivalen same året.[5] Den 13. mai 2025 deltok Ponte i den første semifinalen, der han kvalifiserte seg til finalen og vart den fjerde representanten frå San Marino som klarte dette.[6] I finalen enda han på 26. plass med 27 poeng.[7]

I juni 2025 vart sjølvbiografien til Ponte, Dance & Love, tilgjengeleg i bokhandlar og på nett.

  1. «Gabry Ponte Discography at Discogs». Discogs. Henta 11. desember 2010.
  2. «Top 100 DJs 2014 - DJMag.com». DJ Mag. Henta 20. oktober 2014.
  3. «Gabry Ponte Al Subway... e il Sabato Sera diventa Leggenda». Subwayviterbo.it (på italiensk). 20. mars 2016.
  4. «Top 100 DJs 2014 - DJMag.com». DJ Mag. Henta 20 October 2014.
  5. «From ‘Tutta L'Italia’ to San Marino: It's Gabry Ponte's party». Eurovision.tv. 23. april 2025. Henta 1. mai 2025.
  6. Holdiness, Timothy (13. mai 2025). «Eurovision 2025 Semi-Final One Qualifiers». ESCXTRA (på engelsk). Henta 14. mai 2025.
  7. «Grand Final of Basel 2025 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 28. januar 2025. Henta 21. mai 2025.