Umm Qais

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gadara)
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°39′22.94″N 35°40′40.61″E
Umm Qais
أم قيس, Gadara
by
Modern Umm Qais, Jordan.jpg
Umm Qais frå nord
Land Flag of Jordan.svg Jordan
guvernement Irbid
nahiya Bani Kinanah
Høgd 378 moh.
Koordinatar 32°39′22.94″N 35°40′40.61″E
Retningsnummer +(962)2
Jordan location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Umm Qais

Umm Qais (arabisk أم قيس, òg skrive Umm Qays) er ein by nord i Jordan nær oldtidsbyen Gadara. Han ligg heilt nordvest i landet, der grensa til Jordan møter Israel og Syria. Han ligg på ein åstopp med utsyn over Genesaretsjøen, Golanhøgdene og Yarmukdalen. Umm Qais ligg i Irbid guvernement og Bani Kinanah nahiya.

Den hellenistisk-romerske byen Gadara (hebraisk skrift גדרה, gad´a-ra eller גדר, ga-der; gresk Γάδαρα Gádara) var òg stundom kalla Antiokhia eller Antiokhia Semiramis (gammalgresk Ἀντιόχεια Σεμίραμις) eller Selevkia.

Kyrkjeterrasse i Umm Qais

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 200-talet fvt. var byen ganske kulturelt viktig. Det var fødestaden til satirikaren Menippos, ein slave som vart ein kynisk filosof og laga satire som gjorde narr av menneske i ei blanding av prosa og vers. Verka hans har ikkje overlevd, men vart imitert av Varro og Lucian.

Den greske historikaren Polybius skildra Gadara i 218 fvt. som 'den mektigaste av alle stader i regionen'. Likevel kapitulerte han kort tid etter då han vart kringsett av selevkidane og kong Antiokhos III av Syria. Regionen byta hender fleire gonger mellom selevkide-kongane i Syria og Ptolemies av Egypt.

I 167 fvt. gjorde jødane i Jerusalem opprør mot selevkidane, og i den påfølgjande konflikten vart Gadara påført store skadar.

Tidleg i det første hundreåret fvt. vart Meleager fødd i Gadara. Han var ein av dei store hellenistiske diktarane, ikkje berre for sine eigne verk, men fordi han samla andre sine dikt i tillegg.

I 63 fvt., då den romerske generalen Pompeius sette regionen under romersk kontroll, bygde han om Gadara og gjorde han til ein av dei delvis sjølvstyrte byane i den romerske Dekapolis, og ein skanse mot nabatearane. I 30 fvt. plasserte den romerske keisaren Augustus området under den jødiske kongen Herodes den store. Historikaren Josefus skreiv at etter kong Herodes døydde i 4 fvt. vart Gadara ein del av den romerske provinsen Syria.[1]

Gadara er nemnt i Det nye testamentet som Gadarenar-landet, der Jesus skal ha drive vonde ånder ut av to menn og inn i nokre grisar.[2]

Josefus skreiv at i 66 evt., i byrjinga av det jødiske opprøret mot romarane vart området kring Gadara lag øyde[3]

På 100-talet evt. gav den romerske akvedukten til Gadara drikkevatn gjennom ein qanat som var 170 km long. Den lengste underjordiske delen, som var 94 km lang, er den lengste kjende tunnelen frå oltida.[4]

Gadara var framleis ein viktig by i Austromarriket, og var lenge sete for ein kristen biskop.[5] Med erobringa til arabarane etter slaget ved Yarmouk i 636 kom han under muslimsk styre. Kring 747 vart han i stor grad øydelagd av eit jordskjelv og fråflytta.

Utsyn nord frå Umm Qais, med Genesaretsjøen og Golanhøgdene.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Beit Rousan

Mange turistar kjem til Umm Qais på dagsturar frå hovudstaden Amman, kring 110 km mot sør, for å sjå dei mange ruinane og nyte utsikta. Ein kan sjå Genesaretsjøen og Tiberias i Israel, og over Yarmoukdalen ligg sørenden av Golanhøgdene - som høyrer til Syria,[6] men som har vore kontrollert av Israel sidan seksdagarskrigen i 1967. Hermon på grensa til Libanon er synleg på klåre dagar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Umm Qais» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2015.
  • Nun, Mendel, Gergesa (Kursi) (1989 kibbutz Ein Gev)
  • Nun, Mendel, Ports of Galilea, in Biblical Arkeologi Review; 25/4: 18 (1999)
  • Holm-Nielson, Svend, 'Gadarenes', in Anchor Bibelen Dictionary vol. 2, ed. D.N. Freedman (1992. New York: Doubleday)
  • Weber, Thomas, Umm Qais – Gadara of the Dekapolis (1989. Amman: Economic Press Co.)
  • Laney, J. Carl, Geografikal Aspects of the Life of Christ [Unpublished Th.D. dissertation, Dallas Theological Seminary ] (1977)
  1. Josefus Antiquities, XVII, xi, 4; Josefus, Bellum Judaicum, II, vi, 3.
  2. Matt. 8,28-32
  3. Josefus, Bellum Judaicum, II, xviii, 1.
  4. Mathias Döring: «Wasser für Gadara. 94 km langer Tunnel antiker Tunnel im Norden Jordaniens entdeckt", in: Querschnitt, Vol. 21 (2007), s. 24–35
  5. Reland, Palestina, 776.
  6. For example:*UN Resolution 242, *Text of Resolution at UN.org (PDF), *«CRS Issue Brief for Congress: israelske-USA Relations» (PDF). Congressional Research Service. April 5, 2002. Henta 1. oktober 2015. ,*«Presidency Statement on Golanhøgdene». 04/01/2004. Henta 1. oktober 2015. ,*«Israel and the Occupied palestinsk Territories». UK Foreign and Commonwealth Office. 11. juni 2009. Henta 1. oktober 2015. ,*«The arabarar Peace Initiative, 2002». Al-Bab. 2002. Henta 1. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]