Gadolinitt-(Y)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gadolinitt-(Y)
Gadolinitas.jpg
Gadolinitt
Generelt
KategoriNesosilikat
Kjemisk formel(Ce,La,Nd,Y)2FeBe2Si2O10
Strunz-klassifisering09.AJ.20

Gadolinitt-(y) er eit svart mineral som er relativt utbreidd på norske granittpegmatittar. Krystallane viser monoklin symmetri, men mineralet opptrer oftast i metamikt tilstand. Den kjemiske samansetjinga er Y2FeBe2O2(SiO4)2, i det vesentlege eit yttrium-jarn-beryllium-silikat. Gadolinitt-(Ce), som er eit tilsvarande mineral med cerium i staden for yttrium, finst på einskilde syenittpegmatittar i området LarvikSkien.

Det er òg funne i Sverige og USA (Texas og Colorado). Det er kalla opp etter J. Gadolin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]