Gadot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gadot
landsby
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 33°1′4.8″N 35°37′1.91″E / 33.018000°N 35.6171972°E / 33.018000; 35.6171972
Folketal 377  (2008)[1]
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av Kibbutz-rørsla
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Gadot
33°01′05″N 35°37′02″E / 33.018°N 35.617197222222°E / 33.018; 35.617197222222
Wikimedia Commons: Gadot

Gadot (hebraisk skrift גָּדוֹת, tyder Elvebreidde) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Huladalen, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 381.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gadot vart grunnlagd i 1949 på staden til den øydelagde moshaven Mishmar HaYarden av Nahal-ungdommar frå HaNoar HaOved VeHaLomed og Holocaust-overlevande. Han vart kalla Gadot fordi han ligg nær breidda av Jordanelva.

I 1950- og 1960-åra vart kibbutzen ofte råka av åtak frå den syriske hæren og vart råka av mange bomber. Den 7. april 1967, då seks syriske MiG-jagarfly vart skotne ned, vart kibbutzen angripe så hardt med artillerield at nesten alle bygningane vart råka. To månader seinare, under seksdagarskrigen, vart kibbutzen igjen bomba og dei fleste bygningane vart ruinerte eller hardt skadde. Under Jom Kippur-krigen vart kibbutzen igjen råka, men til mindre grad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Locality File» (XLS). Israel Central Bureau of Statistics. 2008. Henta 22. juni 2010.