Gaffeltruck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Toyota gaffeltruck

Gaffeltruck er ei maskin som vert nytta for å lasta av og på lastebilar og jarnbanevogner, for å stabla varer på lager, transportera varer over korte avstandar på lager, hamner, flyplassar, industriområde, osb. Gaffeltruckar har eit tårn heilt fremst på maskina, med ein gaffel som kan heisast/senkast hydraulisk.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Oppbygging av gaffeltruck.

På grunn av at nyttelasta er plassert framom framhjula er motoren plassert bak, slik at han tener som motvekt mot lasta. I tillegg er det ofte plassert ekstra masse, i form av motvekter, bak på maskina. Det er drift på framakselen, som har størst aksellast. Førarplassen er plassert rett bak tårnet, slik at føraren har så godt oversyn som mogleg. Gaffeltruckar har bakhjulsstyring, som fører til svært liten snuradius og gjer det lett å manøvrera maskinane der det er lite plass.

Gaffeltruckar som vert nytta innandørs er ofte utstyrte med elektrisk motor som går på batteri, eller gassmotor som nyttar til dømes propan. Maskinar som vert nytta utandørs er ofte utstyrte med dieselmotor. Store gaffeltruckar har så godt som alltid dieselmotor. Girkassen er vanlegvis trinnlaus, som gjer manøvreringa smidig.

Konteinartruck[endre | endre wikiteksten]

Kontainertruckar er kraftige gaffeltruckar som er store nok til å lyfta og transportera fulle konteinarar. Dette vert ofte nytta på hamner, jarnvegsstasjonar og terminalar, der ein lastar om konteinarar.

Sidestablar[endre | endre wikiteksten]

Sidestablarar er ein spesialversjon som vert nytta for transport og stabling av lang last, som røyrer, bjelkar og liknande. Ved av-, pålasting og stabling vert tårnet, med gaffelen, køyrt fram, slik at ein får tak i lasta. Under transport vert lasta senka ned på dei to plattformene framom og bak tårnet, slik at ho ligg stødig. Sidestablarar treng ikkje meir plass enn breidda på maskina, så dei høver svært godt for stabling av til dømes trelast.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]