Gail Zappa (fødd 1. januar1945 som Adelaide Gail Sloatman) var den andre kona til musikaren og komponisten Frank Zappa og er tillitsmann i Zappa Family Trust. Dei møttes i 1966 då ho arbeidde på Whisky a Go Go i Los Angeles, og dei gifta seg 21. september 1967, då ho var gravid med det første barnet deira, Moon Zappa. Dei fekk tre born til: Dweezil Zappa, Ahmet Zappa og Diva Zappa. Ho er tante til modellen og skodespelarinna Lala Sloatman.
Det er eit kort glimt av Gail med musikaren og kjærasten Bobby Jameson i dokumentarfilmen Mondo Hollywood frå 1967. Scenen vart filma i 1965 og 1966, før ho møtte Frank.
Sidan Frank Zappa døydde i 1993, har ho hatt oversyn med utgjevinga av musikken hans, mellom anna store mengder musikk som ikkje var gjeve ut før, som leiar av Zappa Family Trust. Fondet eig opphavsrettane til musikken til Frank Zappa, i tillegg til dei kommersielle bileta hans.[1][2]