Gajané

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gajané
MusikkAram Khatsjaturjan
Premiere9. desember 1942
KoreografNina Aleksandrovna Anisimova

Gajané er ein ballett som vart skriven i 1942 av den armensk-sovjetiske komponisten Aram Khatsjaturjan. «Gajané» er eit armensk kvinnenamn og er også namnet på ein helgen frå Armenia.

Utgjeving og omarbeiding[endre | endre wikiteksten]

Gajané var basert på ein tidlegare Khatsjaturjan-ballett frå 1939 som han gav tittelen Glede. Den nye balletten vart til då Kirov-balletten vart evakuert til Perm under andre verdskrigen. Khatsjaturjan tok til å komponera musikken hausten 1941 og balletten vart urframført den 3. desember 1942 på ei lita scene på teateret i byen. Seinare vart balletten omarbeidd og han vart utgjeven på nytt i 1952 og deretter i 1957, denne gongen med eit heilt nytt plott.

Den opphavlege historia i balletten handla om den unge armenske kvinna Gajané. Hennar patriotiske overtyding gjekk på konflikt med hennar personlege kjensler då ho oppdagar at ektemannen har svike henne. Det modifiserte plottet handlar meir om romanse og kjærleik mellom ulike folkegrupper enn om nasjonalistisk engasjement.

Balletten inneheld to kjende musikkstykke. Det eine er adagioet, som m.a. er brukt i 2001: En romodyssé og filmen Caligula, det andre er sverddansen frå fjerde akt.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Fyrste akt[endre | endre wikiteksten]

Hovudpersonen er Gajané som jobbar på ein kolkhoz i eit armensk-utsjåande fjellområde nær den sovjetiske grensa. Her er bøndene travelt opptekne med å hausta inn bomull. Gajané jobbar også med dette saman med faren Ovanes, broren Armen og veslesystera Nune. Dei er alle saman modellar på hardtarbeidane folk bortsett frå ektemannen til Gajané, Giko - ein doven drankar. Gajané formanar han for oppførselen sin, og dei endar opp med å krangla. Så kjem Kazhakov, kommandør av den sovjetiske grensevakta og dei ynskjer han velkomen. Då Gajané gjev Kazhakov ein blomebukett som velkomst, riv Giko buketten til seg og forsvinn utan å bry seg om kva folk seier til han.

Andre akt[endre | endre wikiteksten]

Heime hjå Gajané klagar ho over oppførselen til mannen og blir trøysta av alle. Ein høyrer dei syngjande røystene til teppevevarane. Når Giko kjem heim, går alle ut. Gajané syng barnet sitt Ripsime i søvn. Tre smuglarar kjem for å møta Giko. Dei slår seg saman for å dela pengane dei har tileigna seg, setja fyr på bomullslageret og flykta utanlands. Gajané overhøyrer konspirasjonen og formanar ektemannen, men han skubbar henne inn i eit anna rom og låser døra.

Tredje akt[endre | endre wikiteksten]

Ein kurdarlandsby i eit fjellstrøk nær kolkhozen. Her er mange folk, inkludert Armen, kurdarjenta Aishe, og kurdaren Izmail som er forelska i henne. Då kjem Giko og dei tre smuglarane og bed Armen bli med dei. Armen lurar på kva dei vil, og sender nokre kurdarungdommar for å henta Kazhakov. Giko merkar dette og prøver å drepa Armen med gjengen sin, men Kazhakov kjem i grevens tid og arresterer dei tre smuglarane. Giko greier å flykta og set bomullslageret i brann. Medan han prøver å flykta, blir Giko oppdaga av Gajané, som har brote seg ut. Giko truar henne med at han vil kasta Ripsime utfor eit stup viss ho ikkje gjer som han seier. Då Gajané ikkje gjev etter, stikk Giko henne med kniv. Kazhakov høyrer at ho skrik, styrtar til og arresterer Giko for å bringa han til rettferd. Kazhakov tek seg av Gajané så ho kjem seg på fote att. Kjærleiken veks mellom dei to.

Fjerde akt[endre | endre wikiteksten]

På kolkhozen eitt år seinare er det minnedag då ein feirar gjenoppbygginga av bomullslageret og tre bryllaup: Gajané og Kazhakov, Armen og Aishe, Karen og Nune. Den eine folkedansen etter den andre med sterkt regionalt preg virvlar opp, m.a. den vidgjetne sverddansen. Balletten tek slutt med lukkeynskje frå alle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]