Galápagosøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galápagosøyane
Archipiélago de Colón
Plassering
Plassering av Galápagosøyane
Plassering av Galápagosøyane
Styresmakter
Land Ecuador
Provins Galápagosprovinsen
Hovudstad Puerto Baquerizo Moreno
Geografi
Flatevidd 7 880 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2009)
   - folketettleik

22 900
  2,9 /km²
Koordinatar 0°40′″S 90°33′″WKoordinatar: 0°40′″S 90°33′″W
Annan informasjon
Nettstad: [http:// ]

Galápagosøyane, offisielt namn archipiélago de Colón, er ei øygruppe av vulkansk øyar fordelt rundt ekvator i Stillehavet, 972 km vest for det kontinentale Ecuador. Øygruppa er ein del av staten Ecuador og er mest kjend for dyrelivet der.

Galápagosøyane og farvatna omkring formar ein ecuadoriansk provins, ein nasjonalpark, og eit biologisk marint reservat. Det viktigaste språket på øyane er spansk. Øyane har ein folkesetnad på rundt 23 000.

Øyane er geologisk unge og vidgjetne for endemiske artar som første gongen vart undersøkte av Charles Darwin under reisa med HMS «Beagle». Observasjonane hans og samlingar frå reisa bidrog til starten av Darwin sin teori om evolusjon ved naturleg utval.

Den første skissa til eit navigasjonskart av øyane vart gjort av den engelske piraten Ambrosius Cowley i 1684. Han kalla opp dei einskilde øyane etter nokre av sine piratkollegaer eller etter dei engelske adelsmennene som stødde piratsaka. Seinare har den ecuadorianske regjeringa gjeve dei fleste av øyane spanske namn. Medan spanske namn er offisielle, vil mange brukarar, spesielt økologiske forskarar, halde fram med å bruke dei eldre engelske namna, ettersom det var dei namna som var i bruk då Charles Darwin vitja øygruppa.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Galápagosøyane
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.