Gal On

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gal On
kibbutz
Land  Israel
Region Shephelah
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°37′58.78″N 34°50′53.22″E / 31.6329944°N 34.8481167°E / 31.6329944; 34.8481167
Folketal 378 (2015)
Grunnlagd 1946
 - Grunnlagd av polske immigrantar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Gal On
31°37′58″N 34°50′52″E / 31.632777777778°N 34.847777777778°E / 31.632777777778; 34.847777777778
Wikimedia Commons: Gal On

Gal On (hebraisk skrift גַּלְאוֹן, גל און, tyder Styrkebølgje) er ein kibbutz i Israel, i dei sørlege låglanda. Han er tilknytt Hashomer Hatzair-rørsla og kibbutz Artzi-organisasjonen (som no er ein del av Kibbutzrørsla). Han vart grunnlagd i 1946 som ein del av Dei 11 punkta i Negev,[1] og ligg kring ti kilometer nordaust for Kiryat Gat og to kilometer aust for Beit Guvrin. Kibbutzen høyrer til Yoav regionale kommune.

Gal On står på ei høgd kring 20 km frå Middelhavet. The hill on which it is located borders the Guvrin stream, an auxiliary of Lachishelva. With average

Åkrane i Gal On.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grupp som danna kibbutzen var tidlegare medlemmar av Hashomer Hatzair si ungdomsrørsle i Polen. Dei kom til Palestina i 1939 og slo seg først ned i Ein HaMifratz, nær Haifa. Dei flytta sidan til Giv'at Michael nordvest for Ness Ziona for å få opplæring (hakhshara). Like etter Yom Kippur mellom 5. og 6. oktober 1946, flytta gruppa til den noverande plasseringa si, ved kibbutzen Gat i Shephelah som eit av Dei 11 punkta i Negev. Kibbutzen vart grunnlagd med støtte frå Keren Hayesod på landområde kjøpt av Jewish National Fund.

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart kibbutzen angripen av den egyptiske hæren og kringliggande palestinsk-arabiske landsbyar. Dei egyptiske soldatane var opp til ein kilometer frå Gal On, men innbyggjarane la minefelt for å forsvare kibbutzen og oppretthalde den sørlege frontlinja til Israel under krigen. Seint i oktober 1948 tente kibbutzen som ein base for Operasjon Yoav då han vart angripen av arabiske styrkar.

I 2000 var kibbutzen i økonomiske problem og medlemmane endra levesettet. Dette stabiliserte den økonomiske situasjonen, men han leid framleis av utflytting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Working the land Jerusalem Post, 14. juni 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]