Galați

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«kalas» omdirigerer hit. For festmåltid, sjå fest.
Galați
Horisonten til Galați
Horisonten til Galați
Byvåpenet til Galați
Byvåpenet til Galați


Plassering
Galați is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Galați
Først nemnd 1445
Borgarmeister Dumitru Nicolae
Geografi
Flatevidd
 - By

246,3 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2021)
   - folketettleik

217 851
  884,5 /km²
Koordinatar 45°25′24″N 28°2′33″EKoordinatar: 45°25′24″N 28°2′33″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 800522
Retningsnummer (tlf) +40 02 36
Bilnummer GL
Nettstad: www.primaria.galati.ro

Galați (/ga'laʦʲ/, tyrkisk Kalas, tysk Galatz, polsk Gałacz) er ein by aust i Romania (Moldavia), og hovudstaden i Galați fylke ved breidda av Donau. Han har om lag 220 000 innbyggjarar og er den sjuande største byen i landet. Han ligg nær byen Brăila, og det er planar om at dei to byane saman med omliggande kommunar skal danne eit sams storbyområde for nedre Donau.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet på byen kjem truleg frå kumansk galat, som er eit låneord frå det arabiske qal'at, som tyder «festning». Andre teoriar er at namnet kjem frå det serbiske ordet galac. Det keltiske ordet Galatia (Gallia) er eit anna, men lite truleg, opphav.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Galați i 1826

Byen vart først nemnd i 1445. Under den russisk-tyrkiske krigen i 1789 vart Galaţi sett i brann av russiske styrkar leia av Mikhail Kamenskij.

I 1907 fann eit bondeopprør stad i og rundt byen, men det vart slått ned av den rumenske hæren.

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Kommunen Galați innanfor Galați fylke

Galați er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:

Folketal 2011[2] Folketal 2021[1]
Galați 249 432 217 851

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023. 
  2. «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente ('Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar')» (på rumensk). Institutul Național de Statistică ('Det nasjonale instituttet for statistikk'). 31. oktober 2011. Henta 10. september 2023.