Hopp til innhald

Galali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galali
landsby
Land  Bahrain
Guvernement Muharraq guvernement
Koordinatar 26°16′N 50°39′E / 26.267°N 50.650°E / 26.267; 50.650
Kart
Galali
26°16′00″N 50°39′00″E / 26.266666666667°N 50.65°E / 26.266666666667; 50.65
Kart som viser Galali.
Kart som viser Galali.
Kart som viser Galali.

Galali (arabisk قلالي) er ein liten landsby i kongedømet BahrainMuharraq, nord for Muharraq by. Galali brukte å vere det nordlegaste punktet i Bahrain, før ein byrja å utvikle dei kunstige Amwajøyane.

Innbyggjarane i landsbyen er hovudsakleg sunni-arabarar, arabiserte persarar og afrikansk-bahrainarar. Før det vart funne olje i Bahrain, var dei fleste innbyggjarane involvert i perledykkeindustrien.

Mellom 1920 og 1925 vart mange folk her råka av pest. Dette førte til at mange drog der i frå og staden vart fråflytta. Det tok fleire år før folk kom attende.