Galeas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galeas frå 1800-talet.
Modell av ein galias, på Sjöhistoriska museet.

Galeas var eit tomasta seglskip med ni eller ti segl[1], der den fremste masta (stormasta) var høgst og den bakerste (messanmasta) var noko lågare[2]. Galeasar var vanlege på norskekysten frå rundt 1800 og til midt på 1900-talet[3]. Dei vart nytta både til fraktefart på kysten og for utanriksfart i Nordsjøen og i Austersjøen. Skroget var ofte likt med skroget på jakter, med baugspyd og tverr hekk. Galeasen kan sjåast på som ei vidareutvikling av skipstypen jakt og nokre galeasar var omrigga jekter og jakter. Ved at seglarealet vart delt mellom to master var arealet per mast mindre og difor lettare å handsame. Ein kunne difor segla med litt mindre mannskap.

Etnologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet «galeas» har eit fransk/italiensk opphav: galéace/galeazza, som i sin tur stammar frå krigsskiptypen galei, som vart nytta av romarane og fønikarane. Men det er stor skilnad på oldtidsgaleiane og frakteskipa nytta i Nord-Europa.

Rigg[endre | endre wikiteksten]

Stormasta hadde same rigg som jakter: eit gaffelrigga snesegl og ofte toppsegl, pluss to råsegl: skværsegl og breifokk. Galeasar var ofte utstyrte med fire stagsegl: stagfokk, to klyverar og jagar[2]. Rett framom stormasta var det enda ei mast, kalla snaumast, som hadde som einaste funksjon å fungera som løpegang for rærne til skværseglet[2]. Mesanmasta hadde gaffelrigga snesegl og toppsegl.

Fleire typar[endre | endre wikiteksten]

Tidlege galiasar var ofte omrigga jekter eller jakter. Nokre av desse hadde større skværsegn enn snesegl og kanskje berre to eller tre stagsegl. Slike omrigga jekter vart ofte kalla «jektgalias»[2]. Omrigga jakter vart kalla «jaktgalias». På same vis vart omrigga sluppar av og til refererte til som «sluppgaleasar».

Etter 2. verdskrigen vart nokre galeasar utstyrte med motor og kalla «motorgaleas». Overgangen til motor føregjekk ofte trinnvis, ved at ein fyrst installerte ein liten motor og reduserte storleiken på riggen noko. Ein kunne då nytta motoren ved vindstille for å koma ut i ope farvatn der det var segelvind. Etter 2. verdskrigen var det vanleg å installera ein større motor og fjerna riggen heilt.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Pedersen, M., Trebåter langs kysten vår, Exlibris media AS, 2013.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Gøthesen, G., Norske båter, bind II: Norskekystens fraktemenn, Grøndahl, 1980.
  3. Melkild, A., I baut og lens på Lofoten og Finnmarka, Driva trykk A/S, 1984.