Galenitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Galenitt
Blyglans
Calcite-Galena-elm56c.jpg
Nærbilete av galenitt
Generelt
KategoriSulfidmineral
Kjemisk formelPbS
Strunz-klassifisering02.CD.10
Dana-klassifisering2.8.1.1
KrystallsymmetriIsometrisk H–M symbol 4/m 3 2/m
Einingscellea = 5.936 Å; Z = 4
Identifikasjon
FargeBlygrå og sølvaktig
KrystallformKubar og åttesidig, tavleforma og stundom skjelettaktige krystall
KrystallsystemKubisk heksotahedral cF8, Romgruppe Fm3m, No. 225
TvillingKontakt, penetrering og lamellar
KløyvKubisk perfekt på [001], deling på [111]
BrotUndermuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala2.5–2.75
GlansMetallisk
StrekfargeBlygrå
TransparensUgjennomsiktig
Spesifikk vekt7.2–7.6
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparIsotrop og ugjennomsiktig
Smeltbarheit2
Kjelder[1][2][3]

Galenitt eller blyglans er eit tungt, bløytt, metallisk mineral med blygrå farge. Krystalla spaltar lett i tre retningar etter terningflatene. Det er den viktigaste blyertsen og består av bly(II)sulfid, PbS, med ca. 86 % bly. Det har òg vore utnytta på grunn av sølvinnhaldet, som vanlegvis vekslar mellom 0,01 og 0,3 %. Innhaldet av sølv, antimon, vismut og andre element i galenitt kjem i stor grad av mikroskopiske innesluttingar av mineral som sølvglans og fahlerts. Mineral som er nærskyldt med galenitt er clausthalitt og altaitt.

I Noreg har mellom anna kontaktførekomstar ved Konnerud nær Drammen vore drive på bly og sølv (Jarlsberg verk). Nokre av kisførekomstane i Den kaledonske fjellkjeda leverer òg blyglanskonsentrat, til dømes Bleikvassli Gruber. Dei viktigaste produsentlanda er USA, Russland, Australia, Canada, Peru og Mexico.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Galenitt» (24. februar 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
  1. Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C., red. (1990). «Galena». Handbook of Mineralogy (PDF). I (Elements, Sulfides, Sulfosalts). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0962209708. 
  2. Galena. Webmineral
  3. Galena. Mindat.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Galenitt