Galina Bystrova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Galina Bystrova
Galina Bystrova.jpg
Fødd 8. februar 1934
Nakhitsjevan
Død

11. oktober 1999
Volgograd

Yrke friidrettsutøvar
Galina Bystrova på Commons

Galina Petrovna Bystrova[a] (8. februar 193411. oktober 1999) var ein sovjetisk friidrettsutøvar. Ho vart europameister i femkamp i 1958 og 1962, i 1958 vart ho europameister også i 80 meter hekkeløp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bystrova deltok i 80 m hekk under sommar-OL 1956 i Melbourne. Der enda ho på fjerdeplassen, på same tida som bronsevinnaren. Ho vann så gullmedaljen i femkamp i friidretts-EM 1958 i Stockholm. Dagen etter femkampen vart avslutta, vann ho 80 m hekk på tida 10,9 sekundar, nøyaktig same tid fekk toaren Zenta Kopp frå Vest-Tyskland. To år seinare rauk Bystrova ut av hekketevlinga i semifinalane under dei olympiske leikane i Roma.

Bystrova forsvarte EM-tittelen i femkamp under meisterskapen i Beograd i 1962. Ho vart så nummer seks i 80 m hekk i same EM. I 1964 vann ho si einaste OL-medalje, ein bronse, då ho i femkamp måtte sjå seg slått av landslagskollegaen Irina Press og britiske Mary Rand.

På nasjonalt nivå heldt Bystrova fram å tevle til 1968.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Галина Петровна Быстрова

Kjelder[endre | endre wikiteksten]