Galina Visjnevskaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå skiskyttaren Galina Visjnevskaja.
Galina Visjnevskaja
Galina Vishnevskaya.jpg
Fødd25. oktober 1926
FødestadSt. Petersburg
Død11. desember 2012 (86 år)
DødsstadMoskva
FødenamnГали́на Па́вловна Вишне́вская
OpphavSovjetunionen, Russland
Aktiv1944–2012
Sjangerklassisk musikk, opera
Instrumentpiano, vokal
Stemmetypesopran
Verka somskodespelar, songar, operasongar, musikkpedagog, biograf, dagbokskrivar, teaterregissør, operaregissør
Gift medMstislav Rostropovitsj
BornJelena Rostropovitsj
Prisarkommandør av Æreslegionen, Folkets kunstner i Sovjetunionen, Leninordenen, Officier des Arts et des Lettres, Medalje til minne om 300-årsjubileet til St. Petersburg, 1. klasse av Fedrelandets fortjenstorden, 2. klasse av Fedrelandets fortjenstorden, 3. klasse av Fedrelandets fortjenstorden, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Medaljen for forsvaret av Leningrad, Arbeidets veteran, Medaljen for tappert arbeid under Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Jubileumsmedaljen i anledning av 60-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Jubileumsmedaljen i anledning av 50-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Jubileumsmedaljen i anledning av 65-året for seieren i Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Medalje ved Moskvas 850-årsjubileum, Folkekunstner av Den russiske sovjetrepublikk, Æreskunstner i Den russiske sovjetrepublikk, Medaljen til minne om 100-årsdagen for Vladimir Iljitsj Lenin, Medaljen til minne om Leningrads 250-årsjubileum, 1. klasse av Den hellige apostellike fyrstinne Olgas orden, æresdoktor ved Brandeis-universitetet, Premiya Pravitel'stva Rossijskoj Federacii

Galina Pavlovna Visjnevskaja (25. oktober 192611. desember 2012) var ein russisk sopran.

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Visjnevskaja scenedebuterte i Leningrad i 1944, men gjennombrotet kom på Bolsjojteateret i 1952 med rolla som Leonore i Fidelio. Året etter fekk ho fast engasjement på Bolsjoj. I 1961 debuterte ho ved Metropolitan Opera i New York med tittelrolla i Aïda av Giuseppe Verdi, og året etter song ho same rolle ved Royal Opera House. Ho debuterte ved La Scala i 1964.

I 1960- og 1970-åra opptredde ho i både lyriske (Liù i Turandot) og dramatiske (Tosca i Tosca) roller.

Visjnevskaja med ektemannen Mstislav Rostropovitsj.

Visjnevskaja var gift med cellisten Mstislav Rostropovitsj til han døydde i 2007. Dei opptredde ofte saman på scena, der han akkompagnerte henne på piano. Dei støtta Aleksandr Solzjenitsyn, og fekk etter søknad løyve til å forlata Sovjetunionen i 1974. Dei sovjetiske styresmaktene tok frå dei statsborgarskapet i 1978, men den russiske regjeringa omgjorde avgjerda i 1990 og dei vende attende til Russland same år.

Den siste sceneopptredenen til Visjnevskaja var på Parisaroperaen i 1982 som Tatjana i Eugen Onegin. To år seinare gav ho ut ein sjølvbiografi, Galina: En russisk fortelling, der ho blant anna fortalde korleis KGB og dei sovjetiske styresmaktene forfølgde dei i 1970-åra. I 2002 opna ho operaskulen Galina Visjnevskaja Operasenter i Moskva.[1]

Visjnevskaja døydde 11. desember 2012, 86 år gammal.[2]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Ho gjorde ei rekkje innspelingar, blant anna som Marina i Boris Godunov av Musorgskij (1970 og 1987), Dødens sanger og danser (1961 og 1976), War Requiem av Britten (med sir Peter Pears og Dietrich Fischer-Dieskau, dirigert av komponisten; 1963) og The Poet's Echo (1968), Tosca av Puccini (1976), Eugen Onegin (1956 og 1970), Spardame (med Regina Resnik, 1976) og Iolanta (med Nicolai Gedda, 1984) av Tsjajkovskij, Krig og fred av Prokofiev (1986) og Lady Macbeth fra Mtsenskdistriktet av Sjostakovitsj (1978).

Ry[endre | endre wikiteksten]

Visjnevskaja blei – saman med Irina Arkhipova – rekna som den største sovjetiske operasongarinna i sin generasjon. Dmitrij Sjostakovitsj skreiv sopranstemma i sin 14. symfoni med tanke på Visjnevskaja, det same gjorde Benjamin Britten med sopranstemma i War Requiem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk operalegende er død, 86 år «Politiken» 11. desember 2012
  2. NRK.no – Russisk operalegende er død, Elise Hellem Ratvik på nrk.no. Publisert og besøkt 11. desember 2012

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Galina Wischnewskaja: Galina. Erinnerungen einer Primadonna, Pip, München 1993, ISBN 978-3-492-28243-7 (sjølvbiografi i tysk omsetjing)
  • Karl Josef Kutsch; Leo Riemens: Großes Sängerlexikon. Dritne Auflage, Berlin 2000, S. 26055ff