Gallarkrigane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som syner romaren Julius Cæsars krigar i Gallia.

Gallerkrigane var ein serie med krigar i det siste hundreåret f.Kr. mellom Den romerske republikken og stammar i Gallia, med Julius Cæsar som hærførar for romarhæren. Krigane vart avslutta med slaget ved Alesia i 52 f.Kr., som førte til at heile Gallia vart ein romersk provins. Julius Cæsar har gjeve sin versjon av krigane i bokverket Commentarii de Bello Gallico, som òg ligg føre i moderne norsk omsetjing.

Gallerkrigane vart utkjempa i tre faser, der den fyrste var romersk innblanding i interne galliske konfliktar (58–57 f.Kr.), den andre fasen var kjenneteikna av at romarane gjekk til åtak på anti-romerske styrkar (56–55 f.Kr.), og den tredje fasen gjekk ut på å konsolidere romersk makt ved å slå ned fleire galliske oppstoder (54–51 f.Kr.). Cæsar skildrar i boka si alle desse krigane som mottiltak mot ytre trugsmål, men det er i våre dager vanleg å sjå på dei som eit verkemiddel Cæsar nytta seg av for å styrke sin eigen politiske posisjon, og for å skaffe seg midlar til å gjere opp for den store økonomiske skulda han hadde pådrege seg. Fleire gongar har han gått til åtak på på galliske stammar som ikkje truga romerske interesser.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.