Gallionsfigur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gallionsfigur på skuleskipet SS «Christian Radich».

Gallionsfigur er ein figur festa til gallionen på eit skip, eller under baugsprydetstamnen.

Gallionsfigurar var mest utbreidde frå 1500- til 1700-talet, då seglskip gjerne hadde gallionar. Dei forsvann i stor grad rundt 1900, då ein i stadig større grad tok i bruk jernfartøy. Ein har likevel også seinare utstyrt enkelte skip med ein skulptur i baugen, ofte i form av ein figur. Gallionsfigurar har tradisjonelt vore tillagt magiske, vernande krefter,[1] men er seinare blitt brukte meir som pynt.

Båtmodell frå det gamle Egypt. Både fram- og bakstamn er utstyrte med dyrehovud.

Gallionfiguraktige utsmykkingar på skip er kjende frå langt tilbake i tid, mellom anna frå dei gamle egyptarane, fønikarane og vikingane. Felles for alle desse skipa var at figuren sat rett på stamnen. Utviklinga av ein bakk som sat over og utanfor stamnen frå 1500-talet gjorde at ein i staden sette gallionsfiguren på baugsprydet.[2]

Ein har brukt ulike figurar til gallionsfigur. Egyptiske skip kunne ha heilage fuglar, fønikarane hestar som stod for snøggleik, medan grekarane kunne ha villsvin som stod for villskap og godt syn. Romarane kunne ha ein menneskefigur, ein centurion som stod for kampmot. Vikingskip blei ofte kjende som drakeskip fordi nokre av dei hadde drakehovud ved stamnen. Andre dyrefigurar som drakar, slangar, okser, delfinar og svaner var utbreidde i Nord-Europa i mellomalderen. På 1600-talet blei løver populære som gallionsfigurar. På 1700-talet nytta ein heller gjerne figurar som stod for namnet til skipet. Det blei vanleg å ha kvinner som gallionsfigurar, gjerne med bert bryst. Desse skulle verna skipet etter ei gammal tru som sa at nakne kvinner kunne stilla storm på havet, medan kvinner ombord på skip gav ulukke.[3]

Store gallionsfigurar i harde treslag kunne gje skipa dei høyrde til vektproblem. Den britiske marinen gjekk i 1742 over frå eik og alm til mjukare treslag, som furu, men kunne også nytta teak, som var motsandsdyktig mot vêr og vind og skadedyr.[3]

I overført tyding kan ein kalla ein person i ei framskoten stilling, utan at dei har verkeleg makt, ein gallionsfigur.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gallionsfigur

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. British Museum, Ship's Figurehead, found in East Flanders
  2. Stackpole, Edouard A. (1964), Figureheads & ship carvings at Mystic Seaport, Marine Historical Association, http://books.google.com/books?id=ZoNrAAAAIAAJ&q=figureheads&dq=figureheads&pgis=1, henta 2012-11-14 
  3. 3,0 3,1 «Ship's figureheads». Research. Royal Naval Museum Library. 2000. Henta 2013-08-16. 
  • «Gallionsfigur» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 22. juni 2014.