Gallo pinto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frukost med gallo pinto

Gallo pinto er ein tradisjonell matrett i Mellom-Amerika som består av bønner og ris. Han er rekna som nasjonalrett i Costa Rica og Nicaragua. Retten er vanleg til frukost,[1] men kan etast til alle måltid. Særleg i Nicaragua og Costa Rica kan ein ofte eta han to eller tre gongar kvar dag.[2]

Ein costaricansk frukost med gallo pinto (til høgre)
Frukost med gallo pinto, rista brød, eggerøre, fritert kokebanan og ei skei ferskost.
Gallo pinto i Nicaragua

Sjølv om retten består av dei same ingrediensane, blir han laga på ulik måte frå land til land, og bønnesorten varierer. I Costa Rica bruker ein vanlegvis svarte bøner, medan raude bøner er vanlegare i Nicaragua. I tillegg til bøner og ris kan ein ofte òg tilsetja andre ingrediensar, som koriander, lauk og paprika. Som frukostrett blir han gjerne servert med egg, ost (queso fresco), tortilla og søt kokebanan.[3]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Gallo pinto er spansk og tyder ordrett 'måla hane'. Namnet stammar truleg frå fargen som risen får av bønene, som minner om fargen til ein flekkete hane. Det finst liknande rettar med andre namn i andre spanskspråklege område, som casamiento («ekteskap») i El Salvador, tacu tacu i Peru og moros y Cristianos («maurarar og kristne») i Spania. I engelsktalande karibisk kultur er versjonar av retten kjende som rice and beans eller rice and peas.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til retten er uklart og omstridd.[4] Både Costa Rica og Nicaragua gjer krav på han som sin eigen, og opphavet kan vera eit stridsemne mellom folk frå dei to landa.[2][3][1]

Gallo pinto er rekna for å ha mestisopphav, ei blanding av bønner, som urfolk i Amerika hadde dyrka sidan førkolumbisk tid, og ris, eit korsnalg innført av spanjolane. Tilreiinga er sterkt påverka av afrikansk mattradisjon.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Gallo Pinto, Costa Rica's National Dish - Latin America Travel Company», The Latin America Travel Company (på engelsk), 27. april 2017, henta 20. oktober 2020 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Gallo Pinto Recipe», Nicaragua food (på engelsk), 17. mars 2016, henta 20. oktober 2020 
  3. 3,0 3,1 Parker, Jenn, «Costa Rica vs Nicaragua: Who Really Invented Gallo Pinto?», Culture Trip, henta 20. oktober 2020 
  4. Preston-Werner, Theresa (10. juli 2020). «Gallo Pinto: Tradition, Memory, and Identity in Costa Rican Foodways». Journal of American Folklore 122. 
  5. «Ambassade Costa Rica -- Gastronomía costarricense» (på spansk). Arkivert frå originalen 30. mars 2012. Henta 29. februar 2012. 
  6. Ross, 2001, s. 64
  • Ross, Marjorie (2001). Entre el comal y la olla: fundamentos de gastronomía costarricense. EUNED. pp. 270 pages. ISBN 9968-31-128-6