Galloanserae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galloanserae
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Galloanserae
Sclater, 1880

Galloanserae er ein biologisk overorden av fuglar som samlar to ordenar, hønsefuglar, Galliformes, og andefuglar, Anseriformes. Dei er handsama som ei gruppe fordi anatomiske og molekylære likskapar antydar at desse to gruppene er nære evolusjonære slektningar. Gruppa blir òg stødd av morfologiske data og DNA-sekvensdata, og dessutan data om retrotransposon (genetiske komponentar) tilstadesvære/fråvære.[1] Per 2019 er det åtte familiar med ca. 460 artar i gruppa.[2]

Kjøt og egg av artar som ofte inngår i kosthaldet til menneske er frå denne fuglegruppa, til dømes fjørfe som tamhøns, kalkun, vaktlar og ville skogshøns, ender og gjæser. Fasan og stokkand frå oppdrett er brukte i sportsjakt.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Jamvel om det er stor diversitet innanfor gruppa etter tilpassing til levesett for ulike økologiske system, også ulikskapar morfologisk og etologisk, så er det framleis nokre funksjonar som sameinar artane i denne gruppa av vass- og landlevande fuglar og skil dei frå andre kladar.

  • Galloanserae er særs produktive; dei produserer jamleg kull på meir enn fem eller til og med meir enn 10 egg, noko som er mykje for slike store fuglar. Til samanlikning legg haukefuglar og duer sjeldan meir enn to egg.
  • Medan dei fleste nolevande fugleartar er monogame, i det minste i ein hekkesesong, er mange Galloanserae notorisk polygynøse eller polygame. For ornitologar er dette spesielt godt kjent blant grasender. Sannsynlegvis er dei polygyniske vanane til tamhøns meir kjente, der vanlegvis ein eller to hanar blir haldne saman med ein heil flokk høner.
  • Hybridisering er ekstremt hyppig i Galloanserae, og i slekter som vanlegvis ikkje er kjente for å produsere levedyktige hybridar hos fuglar, kan relativt enkelt avlast til krysning. I Noreg kjenner ein rakkelfugl som krysning mellom storfugl og orrfugl.[3] Rakkelfuglar er i regelen ikkje fruktbare. Blant ender ser ein tilsynelatande oftast hybridar blant dukkender i slekta Aythya. Til dømes bergand x toppand og toppand x taffeland.[4]
  • Ungar av Galloanserae-artar er oppsiktsvekkande langt utvikla ved klekking. Andefuglar er i stand til å symje og dukke nokre timar etter klekking, og nyklekte ungar av omnhøns er heilt fjørkledde og til og med i stand til å flyge i lengre avstandar så snart dei dukkar opp frå reirhaugen.

Systematikk og evolusjon[endre | endre wikiteksten]

Frå dei avgrensa fossila som hittil er funne, er konklusjonen at Galloanserae allereie var utbreidd, og den dominerande gruppa av moderne fuglar mot slutten av krittida. Medan dei dominerande fugleliknande artane, enantiornittane, alle døydde ut i mesozoikum saman med dinosaurane, overlevde galloanserae og vart den første suksessrike gruppa av moderne fuglar etter at dinosaurane døydde ut.

Saman med ordenane i Neoaves utgjer Galloanserae infraklassen Neognathae.

 Aves (fuglar) 

Paleognathae 59


 Neognathae 
 Galloanserae 

Anseriformes (andefuglar) 169



Galliformes (hønsefuglar) 293




Neoaves 10 040




Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Kriegs, Jan Ole; Matzke, Andreas; Churakov, Gennady; Kuritzin, Andrej; Mayr, Gerald; Brosius, Jürgen & Schmitz, Jürgen (2007): Waves of genomic hitchhikers shed light on the evolution of gamebirds (Aves: Galliformes). BMC Evolutionary Biology 7: 190 (Fulltext).
  2. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 19. september 2019 
  3. «rakkelfugl» av Per Ole Syvertsen i Store norske leksikon, snl.no.
  4. Svensson, Lars et al (2017). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.