Galway Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart som viser plasseringa til Galway Bay
Galway Bay nær County Clare

Galway Bay (irsk: Loch Lurgain eller Cuan na Gaillimhe) er ei stor bukt på vestkysten av Irland, mellom County Galway i provinsen Connacht i nord og Burren i County Clare i provinsen Munster i sør. Galway ligg på nordaustsida av bukta. Ho er om lag 50 km lang og mellom 10 og 30 km brei. Oileáin Árann eller Aranøyane ligg i vest på tvers av inngangen og det er fleire småøyar i bukta. North Sound (Nordsundet) eller An Súnda ó Thuaidh ligg mellom Aranmore og Leitir Mealláin. Gregory's Sound (Gregorysundet) eller Súnda Ghríoghóra ligg mellom Aranmore og Inishmaan og vart tidlegare kalla Bealach na h-Áite. Foul Sound eller An Súnda Salach ligg mellom Inishmaan og Inisheer, og var tidlegare kalla Bealach na Fearbhaighe. South Sound (Sørsundet) eller An Súnda ó Theas, tidlegare kalla Bealach na Finnise ligg mellom Inisheer og County Clare.

Galway Bay er kjend for det unike, tradisjonelle seglskipet Galway Hooker (Galway-skute).

Galway Bay i populær kultur[endre | endre wikiteksten]

Galway Bay vert nemnd i teksten på songen The Pogues-songen «Fairytale of New York» i linja The boys of the NYPD choir were singing «Galway Bay», som viser til ein annan song kalla «Galway Bay».

John Lennon sin song The Luck of the Irish inneheld linjene:

If we could make chains with the morning dew
The world would be like Galway Bay

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 53°12′N 9°14′W