Gammalengelsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gamalengelsk)
Gammalengelsk
angelsaksisk

(Ænglisc, Anglisc, Englisc)
Klassifisering: Indo-europeisk
 Germansk
  Vestgermansk
   Gammalsaksisk (gammalnedertysk)

    Gammalengelsk
Bruk
Var tala i: England, Skottland, Wales
Skriftsystem: den angelsaksiske futharken, det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-2: ang
Wikipedia på gammalengelsk

Gammalengelsk eller angelsaksisk er ei tidleg form av engelsk som blei brukt av angelsaksarar i tida før 1100. Det er eit vestgermansk språk med opphav i fleire nærskylde målføre, hovudsakleg språka som vart brukte av saksarane og anglarane i Nord-Tyskland og Sør-Jylland. Gammalengelsk ligg mellom anna nært opptil gammalsaksisk, og er nærskyld med nedertysk og frisisk. Det har òg mange likskapar med norrønt språk (og til ein viss grad moderne islandsk).

Morfologisk skil gammalengelsk seg mykje frå moderne engelsk. Det har fem kasus, nominativ, dativ, akkusativ, genitiv og instrumentalis, og tre kjønn, hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn. Ordtilfanget var hovudsakleg av germansk opphav. Gammalengelsk tok opp i seg få element av keltiske språk, men vart sterkt påverka av skrift- og kyrkjespråket latin. Seinare vart språket òg påverka av danske og norske innvandrarar i område som Danelagen i Nord-England.

Gammalengelsk utvikla seg jamt på dei rundt 700 åra det var i bruk, frå rundt 450 til etter normannarinvasjonen i 1066. Språket i den påfølgjande perioden, fram til moderne engelsk, blir kalla mellomengelsk.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Den angelsaksiske futharken

Gammelengelsk vart først skriven med den angelsaksiske futharken, eit runealfabet. Ved 800-talet hadde ein i stor grad teke i bruk det latinske alfabetet, med runeteikna thorn og wynn som tilleggsbokstavar. Runar hadde vortne særs sjeldne då normannarane invaderte England i 1066, og forsvann ut av bruk kort tid etter.

Tekstdøme[endre | endre wikiteksten]

Gammalengelsk tekststykke om Ottar frå Hålogaland frå rundt 890: Tekst med gammalengelske latinske bokstavar.

Ōhthere sǣde his hlāforde, Ælfrede cyninge, þӕt he ealra Norðmanna norðmest būde. Hē cwӕð þӕt hē būde on þǣm lande norðeweardum wið þā West sǣ. Hē sǣde ðēah þӕt þӕt land sīe swiðe lang norð þanon; ac hit is eall wēste, būton on fēawum stōwum styccemǣlum wīciað Finnas, on huntaðe on wintra, ond on sumera on fiscoðe be þǣre sǣ.[1]
Ottar sa til herren sin, kong Alfred, at han budde lengst nord av alle nordmennene. Han kvad at han budde i landet mot nord, ved Vesthavet. Han sa do at landet låg svært langt nord derifrå, og at alt var audeland, men på nokre få stader innimellom levde finnar, på jakt på vintrane, og på sumrane på fiske ved havet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«engelsk - gammelengelsk» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar
  1. Teke frå Ohthere's First Voyage (paragraph 1) ved University of Victoria, som også har ei omsetjing til engelsk.