Gamaljapansk
Gamaljapansk (ja:上代日本語 Jōdai nihongo) er den eldste kjende forma av det japanske språket.
Det er vanskeleg å datera det til ein bestemt tidsbolk, men det er vanleg å rekna med at denne forma heldt seg til 794, då hovudstaden vart flytta frå Heijōkyō til Heiankyō. Å setta ei grense for når tidsbolken tok til er vanskelegare. Nokre japanske person- og stadnamn vert skrivne med gamle kinesiske teikn, som til dømes Wei Zhi i Soga om tre kongerike. Det er funne bitar av trefjøler og reliktar med inskripsjonar i utgravingar, men den fyrste lengre teksten er Kojiki frå 712. Ved å ta omsyn til dei eldste relikane har ein kome til semje om å rekna 712 som starten av perioden, noko som stemmer med Nara perioden (710-794). Ei meir formell datering, tufta på strengare krav, daterer starten på perioden til 794.
Mellom dei eldste skrive kjeldene finn ein Kojiki (712), Fudoki (720), Nihonshoki (720), og Man'yōshū (etter 771).