Gammalnorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gamalnorsk)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gammalnorsk eller gamalnorsk er språket som vart tala i Noreg frå vikingtida til andre halvdelen av 1300-talet.

Gamalnorsk utgjer den nest største greina av det språket som vi gjerne kallar klassisk norrønt. Den største greina for dette språket er gamalislandsk, som takk vere sogelitteraturen har ei større overlevert tekstsamling enn den norske. Det finst også ei meir avgrensa tekstsamling for t.d. gamalfærøysk, Grønland-norrønt og Orknøy-norrønt.

Allereie i gamalnorsk språkperiode har det funnest fleire dialektar her i landet. Det merker vi når vi studerer tekstene og ortografien på detaljnivå. I lærebøker set vi gjerne opp desse: søraustlandsk, nordaustlandsk, sørvestlandsk, nordvestlandsk, og trøndsk. Det må også ha funnest ei gamalnordnorsk dialekt, som vi veit veldig lite om.