Gambiaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gambiafloden)
Gambiaelva
Gambia River
elv
Land  Gambia,  Guinea  Senegal
Kart
Gambiaelva
11°24′18″N 12°15′05″W / 11.404888888889°N 12.251472222222°W / 11.404888888889; -12.251472222222
Wikimedia Commons: Gambia River

Gambiaelva er ei stor flod i Vest-Afrika. Ho er 1 130 km lang og har eit nedslagsfelt på 185 000 km².[1] Elva har gjeve namn til landet Gambia, som ligg på begge breiddene av det nedre løpet hennar.[1] Elva er dobbelt så lang som landet.[2] Ho byrjar løpet sitt i Guinea, og renn så gjennom Senegal før ho når Atlanterhavet i Gambia.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Gambialeva spring ut på Fouta Djallon-platået nord i Guinea og renn vestover til Atlanterhavet. Frå Fouta Djallon renn elva nordvest inn i den senegalesiske Tambacounda-regionen, gjennom Niokolo-Koba nasjonalpark. Ho flyt saman med Nieri Ko og Koulountou, og går gjennom Barrakundastryka før ho går inn i Gambia ved Fatoto. Her renn elva hovudsakleg vest, men med eit buktande løp, ein meander. Rundt 100 km frå munningen vider ho seg gradvis ut til ho når ei breidd på over 10 km der ho renn ut i havet ved Banjul.[3]

Gambia er den einaste elva i Vest-Afrika som er lett tilgjengeleg for havgåande skip. Om lag halve elva er seglbar.[4]

Sattelittbilde av Gambiaelva

Elvekryssingar[endre | endre wikiteksten]

Kabelferje ved Bansang.

Det går fleire bruer over elva. Den største, som ligg nærast munningen, er Senegambiabrua mellom byane Farafenni og Soma i Gambia. Brua er 1,9 km lang, og opna i januar 2019 som ein del av Trans-Gambia Highway. Ho gav også senegalesiske lastebilar til og frå Casamance ein raskare veg, og erstatta ei upåliteleg bilferje. Ein må betala ei avgift for å kryssa brua.[5]

Det er også to bruer ved Basse Santa Su og Fatoto i Upper River Division i Gambia som opna i oktober 2021, bygd med kinesiske middel,[6] og ei bru ved Gouloumbou i Senegal.

All anna kryssing av elva føregår med ferje, med hovudløp mellom Banjul og Barra ved elvemunningen, Banni og Kerewan, Farafenni og Yelitenda og Kau-ur og Jessadi,[4] eller med småbåt.

Bolong[endre | endre wikiteksten]

Små bielvar i dei nedre delane av elva blir ofte kalla bolong eller bolons. Desse omfattar Sami Bolong, som skil dei nordlege halvdelane av Central River Division og Upper River Division, Bintang Bolong som skil Lower River Division frå West Coast Division, og mindre vassmassar som Sofancama, Jurunku, Kutang, Nianji og Sandugu bolong.[7]

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Frå Janjanbureh (Georgetown)
Elvebreidda i nærleiken av Janjanbureh-øya

Gambiaelva har fleire elveøyar, der ho delar seg rundt dei og samlar seg att. Den gambiske hovudstaden Banjul ligg på eit avskore elvedelta, Banjul Island eller St Mary's Island. Ved munningen, der elva er på sitt djupaste, ligg den vesle Dog Island og den mindre Pelican Island.[3]

Kunta Kinteh-øya[endre | endre wikiteksten]

Kunta Kinteh-øya, tidlegare kalla James Island, ligg i Gambiaelva nær Juffure, kring 25 km frå munningen. Øya blei brukt til handel mellom området og utlendingar, hovudsakleg frå Europa. Ho hadde særleg ei viktig rolle under den transatlantiske slavehandelen, frå byrjinga og til han blei avskaffa. Øya står nå på UNESCO si verdsarvliste.[8]

I verket Roots (Røter), var elva ein av leietrådane til forfattaren Alex Haley som prøvde å finna opphavet til den amerikanske familien sin. Familietradisjonen hadde halde på at ein afrikansk forfar nytta nemninga «kamby bolongo» om ei elv, og sidan bolongo tyder 'rennande vatn' på mandinka, eit gambisk språk, meinte Haley at det måtte visa til Gambiaelva.[9][10] Han spora opp slaveskipet «Lord Ligonier», som kunne ha frakta forfaren hans frå James Island til Annapolis i Maryland.

Elephant Island[endre | endre wikiteksten]

Elephant Island er ei av dei største øyane i elva, med ei lengd på 17 km. Ho ligg kring 190 km unna Banjul.[3]

Oppstrøms for Elephant Island ligg Poppa Island, Pasri Island, Deer Island, Baboon Island og Kajakat Island.

Janjanbureh[endre | endre wikiteksten]

Janjanbureh-øya, også kalla MacCarthy Island og Lemain Island, ligg ca. 272 km frå munningen, aust i Gambia. Også denne øya blei brukt til handel med europearar frå 1400-talet, men på 1800-talet måtte dei forlata henne på grunn av krigføring mellom wulli- og nianifolk. I dag ligg byen Janjanbureh her, i lag med det største fengselet i landet.

Plantar og dyr[endre | endre wikiteksten]

Langhaleskarv (Microcarbo africanus) i mangroverøter

Dyrelivet i Gambiaelva og nedslagsfeltet hennar er nært knytt til det i Senegalelva, og dei to blir vanlegvis kombinerte i ein enkelt økoregion. Artsmangfaldet her er moderat høgt, men det finst berre tre froskeartar og ein fiskeart som er endemiske for denne økoregionen.[11]

Det finst mangrovar frå munningen og rundt 10 mil innover, deretter er breiddene prega av ferskvass- og brakkvassmyrer med klipper med små skog- og buskholt imellom. Det veks ville oljepalmar langs elva.[4]

Vegetasjonen og myrområda legg grunnlag for eit rikt dyreliv, med flodhestar, krokodillar, fiskar og insekt som mygg og tsetsefluger.[4] Ein har dokumentert kring 80 ulike pattedyrartar, 330 fugleartar, 26 reptil og 150 artar av ferksvassfisk i elveområdet.[12]

På mangroverøtene veks det østers som blir sanka av kvinner frå småbåtar ved lågvatn.[13] Desse blir mellom anna brukte til østersstuing, ein tradisjonell gambisk matrett.[14]

Dei flate myrområda nær kysten blir tidvis overfløymde med saltvatn, og kan ikkje brukast til jordbruk. Lenger opp elva kan ein derimot dyrka denne jorda, og nyttar henne særleg til å dyrka ris. Jord litt høgare opp frå elva er veldrenert og godt eigna for dyrking av jordnøtter,[4] som er ei av dei viktigaste eksportvarene til Gambia. Jordnøtter blir også mykje brukte i matlaging, som til stuinga domoda.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Engelskspråkleg kart over elva Gambra (Gambia) frå 1732.
Skisse av James Island (Kunta Kinteh-øya) frå 1732.

Dei eldste kjende innbyggjarane i området kring Gambiaelva er jola-, balante-, bainuk- og manjakfolk.[15] Fønikarar og arabarar vitja elva for handelsføremål før portugisarar kom til staden på 1400-talet.[16]

Ifølgje munnleg overlevering kom store tal mandinkafolk frå Mali til regionen på 1300-talet, leidd av Tiramakhan Traore, ein av generalane til Sundiata Keita. Ein alternativ teori lagt fram av nokre moderne historikarar er at det i staden var nokre få innvandrarar, hovudsakleg jula-handelsfolk, som føre an ei gradvis sosio-kulturell endring mot å identifisera seg med mandinka-folket, som hadde høgare status og var knytt til det herskande Maliriket.[17][18] Desse jula-folka gjorde Gambia til ein viktig del av det vidare vestafrikanske handelsnettverket, der ein dreiv handel med salt, muslingar, jern, klede, elfenbein, bivoks, gul, lêr og ikkje minst slavar så langt som til Nigerelva og vidare.[19][20]

Den venetianske utforskaren Alvise Cadamosto, som arbeidde for portugisarane, blei den fyrste europearen til å segla til Gambia i 1455. Han omtalte elva som Gambra eller Cambra. Andre kjelder frå denne perioden bruker namn som Guambea, Guabu og Gambu (kanskje ei samanblanding, på denne tida og seinare, av namnet på elva og det til kongeriket Kaabu).[21] Handelsfolk frå ulike europeiske land fortsette å driva handel langs elva i to hundreår etter Cadamosto, men det var fyrst i 1651 at det baltiske Hertugdømet Kurland og Semigallen som den fyrste europeiske staten byrja skipa ein permanent base på det dei kalla Heilage Andreas-øya nær munningen av elva. I 1661 tok England kontroll over øya, og døypte henne om til St James. Engelskmennene og franskmennene kjempa om økonomisk herredøme over elva i løpet av dei neste 150 åra.[22]

I denne perioden var det kongedøme langs elva som Niumi (også kalla Barra), Niani, Kantora, Jimara, Kiang, Badibu, Fuladu, Tumana og Wuli, som alle har gjeve namn til moderne distrikt i Gambia. Viktige handelspostar ved elva var mellom anna Barra, Albreda, Juffure, James-øya, Tendeba, Joar, MacCarthy-øya, Fattatenda og Sutukoba.

I åra kring 1800 drog den skotske oppdagaren Mungo Park opp Gambiaelva to gonger for å nå Nigerelva.[23]

Den anglo-franske konvensjonen frå 1889 la fast grensene for Protektoratet Gambia og kolonien Senegal til ti kilometer nord og sør for elva så langt inn som Yarbutenda (nær dagens Koina), med ein radius på 10 km kring bysentrum som den austlege grensa.[24] Deretter hadde britane kontroll over heile delen av elva som var farbar med havgåande skip. Sjølv om grensedraginga stort sett var rekna som ei mellombels ordning, har grensene mellom dei to landa ikkje blitt endra sidan 1889.[25]

Dei innførte politiske grensene har vore eit hinder for utviklinga av Gambiaelva. I 1978 skipa likevel Gambia og Senegal ein samarbeidsorganisasjon, Gambia River Development Organization, som Guinea blei medlem av i 1980.[4]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Askheim, Svein (23. april 2020). «Gambia – elv». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. 2,0 2,1 «Culinary | Gambia Food | Visit the Gambia», www.visitthegambia.gm, henta 23. januar 2023 
  3. 3,0 3,1 3,2 «The River Gambia», FairPlay Gambia (på engelsk), 28. mai 2022, henta 13. januar 2023 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 «Gambia River | river, West Africa | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 13. januar 2023 
  5. «Long-awaited bridge over River Gambia inaugurated», News24 (på engelsk), henta 17. januar 2023 
  6. Ma, Jianchun (13. oktober 2021). «Building the Friendship Bridges towards a Shared Future of China and The Gambia». The Point. Henta 3. august 2022. 
  7. Gailey.
  8. Centre, UNESCO World Heritage, «Kunta Kinteh Island and Related Sites», UNESCO World Heritage Centre (på engelsk), henta 27. januar 2023 
  9. Haley, Alex (July 16, 1972). «My Furthest-Back person -- 'The African'». The New York Times. Arkivert frå originalen 8. oktober 2017. Henta 27. januar 2023. 
  10. Haley, Alex (2007). Roots: The Saga of an American Family (30, annotated utg.). Vanguard Press. ISBN 978-1-59315-449-3. Henta 23. februar 2010. [daud lenkje]
  11. «509: Senegal – Gambia». Freshwater Ecoregions of the World. Arkivert frå originalen 30. oktober 2016. Henta 30. oktober 2016. 
  12. «The Gambia River», WorldAtlas (på engelsk), 25. april 2017, henta 20. januar 2023 
  13. Gambia, JR Patterson in Lamin, the (3. mai 2022), «Stewards of the forest: the pioneering women’s collective harvesting the Gambia’s oysters», the Guardian (på engelsk), henta 23. januar 2023 
  14. Kids, Lonely Planet (1. september 2015), The Lonely Planet Kids Travel Book: A journey through every country in the world (på engelsk), Lonely Planet, ISBN 978-1-74360-962-0, henta 23. januar 2023 
  15. Buhnen, 49.
  16. Kunta Kinteh Island and Related Sites, UNESCO World Heritage Centre. United Nations Educational, Scientific, and Cultural Organization. 
  17. Wright, "Beyond Migration", 385.
  18. Buhnen, 51.
  19. Wright, "Darbo Jula", 33.
  20. Van Hoven.
  21. Buhnen, 71.
  22. Gailey, 3.
  23. Capt. Washington. “Some Account of Mohammedu-Siseï, a Mandingo, of Nyáni-Marú on the Gambia.” The Journal of the Royal Geographical Society of London, vol. 8, 1838, pp. 448–54. JSTOR, https://doi.org/10.2307/1797825.
  24. Gailey, 27.
  25. Gailey, 28.
Bibliografi