Gamboru Ngala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gamboru (eller Gamburu) og Ngala, saman kjend som Gamboru Ngala, er ein marknadsby delstaten Borno nordaust i Nigeria. Han ligg nær grensa til Kamerun.[1][2]

Byen har vore gjenstand for åtaka frå Boko Haram sidan 2013.[3] 5. og 6. mai 2014 førte åtak frå Boko Haram til at minst 300 menneske døydde.[4] Som følgje av åtaket melde nokre innbyggjarar at dei kom til å flytta til Kamerun.[5] 9. mai 2014 blei det meld at brua som bind Gamboru saman med resten av Nigeria, og som fører til grensa mellom Nigeria og Kamerun, var blitt øydelagd.[6][7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Islamist attack kills 125 in northeast Nigeria». The Irish Times. 8 May 2014. Henta 8 May 2014. 
  2. «Death toll from Islamist attack on Nigerian market town hits 125». Reuters. 7 May 2014. Henta 8 May 2014. 
  3. «Violence grinds healthcare to a halt in Nigeria's Borno State». IRIN Africa. 5. februar 2014. Henta 30. juni 2014. 
  4. «Boko Haram Attack Kills Hundreds In Border Town». The Huffington Post. Henta 7 May 2014. 
  5. «EXPOSED: What Gamboru Residents Plan On Doing Over Repeated Boko Haram Attacks(READ)». OSUN DEFENDER. 12. mai 2014. Henta 30. juni 2014. 
  6. Michel Olugbode (9. mai 2014). «Nigeria: Insurgents Blow Up Bridge Between Nigeria and Cameroun». This Day - allAfrica.com. Henta 30. juni 2014. 
  7. Kayode Idowu (9. mai 2014). «30 killed as B’Haram bombs Nigeria-Cameroon bridge». Punch. Henta 30. juni 2014.