Game show
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Game show er ein type Tv-program som vert kjenneteikna ved at deltakarar konkurrerer om premiar eller heider og ære i eit TV-studio. Konkurransane vert gjennomført ved hjelp av rundar basert på kunnskap, gjetting, fysiske utfordringar eller liknande. Det er store skilnader på ulike typar i slike program i verda, der ein går frå det enkle spørjeprogrammet Mastermind i Storbritannia til dei ekstreme gameshow i Japan.
Game show-sjangeren har òg vorte ein av dei store eksportartiklane innan tv-konsept, der spesielt amerikanske og britiske konsept har vorte produsert i lokale variantar over store delar av verda. Amerikanske konsept, som til dømes Wheel Of Fortune, har hatt suksess i heimlandet gjennom ei årrekkje.
Norske gameshow[endre | endre wikiteksten]
Den fyrste norske gameshowsuksessen var Kvitt eller dobbelt på NRK allereie i 1961. Den fyrste suksessen på ein kommersiell kanal var Casino som gjekk på TVNorge med Hallvard Flatland som programleiar.
Mange av dei norske versjonane av denne programtypen er basert på konsept laga i andre land. Døme på dette er Vil du verta millionær?, Deal or No Deal med fleire.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Game show» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2018.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- gameshow.net med døme på game show
- Kvitt elle dobbelt på NRK.no