Games People Play av The Alan Parsons Project

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Games People Play
Singel av The Alan Parsons Project
frå albumet The Turn of a Friendly Card
B-side

The Ace of Swords

Utgjeve desember 1980
Innspelt Late 1979 to januar 1980
Sjanger Progressiv rock, dance-rock, softrock
Lengd 4:23
3:17 (7")
Selskap Arista
Låtskrivar(ar) Alan Parsons, Eric Woolfson
Produsent Alan Parsons, Eric Woolfson
The Alan Parsons Project-kronologi 
«The Turn of a Friendly Card»
(1980)
Games People Play «Time»
(1981)


«Games People Play» er ein song av The Alan Parsons Project frå 1987. Han kom ut på albumet The Turn of a Friendly Card og var sungen av Lenny Zakatek. Songen vart gjeven ut på singel og nådde i mars 1981 16. plassen på Billboard Hot 100-lista og 18. plassen på Cash Box-lista, begge i USA.[1][2]

Singelversjonen av songen er redigert to stader, ein gong under den instrumentale delen før gitarsoloen, og ein annan som kortar ned sjølve soloen. Han går òg hakket kjappare enn originalen.

Songen vart nytta i videospelet Grand Theft Auto: Vice City Stories som ein del av radiostasjonen Flash FM.[3]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1981 Billboard Hot 100 16
Årsliste (1981) Plassering
US Top Pop Singles (Billboard)[4] 66

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Music: Top 100 Songs». Billboard. Henta 1. april 2020. 
  2. «Cash Box 3/14/81». Arkivert frå originalen 24. november 2015. Henta 1. april 2020. 
  3. «The Music of GTA: Vice City Stories». IGN. 26. oktober 2006. Henta 1. april 2020. 
  4. «Number One Awards – Billboard's 1981 Year-End Charts : Pop Singles». Billboard 93 (51): YE-9. 26. desember 1981.