Gamle-Kleven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gamle-Kleven
Fødd1815
Død1888 (73 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Ole Helgeson Kleven, kjend som Gamle-kleven, var ein vidgjeten norsk spelemann i Krødsherad1800-talet. Han var fødd i 1815 og døydde i 1883. Han er kjelde for Wilhelm Sorteberg.

Kleven byrja tidleg å spela, og var kjend som ein dugande spelemann alt i 20-årsalderen. Han var mykje i lag med Knut Fosslia, Kittil Langebakke og Hans Hagen. Elles vart han utdanna skreddar.

I 1840-åra flytte han til Sokna der han hadde funne seg gifte, og dreiv gard på Sokna, og seinare både i Krødsherad og i Mjøndalen. Han tok ikkje fullt og heilt ved fela før etter at han vart enkjemann, og reiste både til Drammensmarken og Kongsbergmarken. Han spela i mange bryllaup i Krødsherad, Soknedalen og jamvel Ådalen.

Mellom dei spelemennene Gamle-Kleven var i lag med, kan ein nemne Gudbrand Skjellerud frå Nes i Hallingdal. Truls Ørpen meinte Gamle-Kleven vart prega av spelestilen til Skjelleruden, både i lag og takt.

Gamle-Kleven var tidleg ute på spelferd utanlands, og reiste heilt til Sverige, Danmark og England i 1869. Denne turneen skulle syne fram tradisjonelle folkedrakter, dans og bondesølv. I England vart det slutt på reisepengande, og konsulatet i London laut hjelpe dei heim att.

Kleven fekk slag i 1883 etter mange år på vegen, og døydde på Lunder i 1883.