Gamle Bergen Museum

Koordinatar: 60°25′5.38″N 005°18′33.42″E / 60.4181611°N 5.3092833°E / 60.4181611; 5.3092833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°25′5.38″N 005°18′33.42″E / 60.4181611°N 5.3092833°E / 60.4181611; 5.3092833

Frå Gamle Bergen Museum

Gamle Bergen Museum er eit friluftsmuseum som ligg i bydelen Sandviken i Bergen. Det er bygd opp rundt den gamle lyststaden Elsesro. Muséet opna i 1949 og er no ein del av Bymuseet i Bergen. Friluftsmuseet har bygningar frå 1700- og 1800-talet som er flytta frå ulike strøk i Bergen til dette området. Bygningsmassen består hovudsakleg av eit- og toetasjars tømmerhus med bordkleding og pannesteintak.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gamle Bergen i 1975.

Museumsforeininga blei oppretta i 1934, og museet opna for publikum i 1949. Museet hadde som mål å ta vare på eit bilde av Bergen med gater og miljø slik byen ein gong hadde vore. Ein skulle formidla bergensk byggeskikk, liva og verksemdene til dei ulike sosiale laga, om handverk og handel frå 1700- og 1800-talet. I samlingen finn ein i dag blant anna bakeriet, bakarhuset, kjøpmannshuset, urmakarhuset, skipparhuset, handverkarhuset, embetsmannshuset, tannlege- og barberarhuset. Frå 1941 til 1971 var arkitekten Kristian Bjerknes direktør for Gamle Bergen Museum.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gamle Bergen Museum