Hopp til innhald

Gamle Fylkesveg 365 i Sogn og Fjordane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg fylkesveg 365.

Fylkesveg 365 i Sogn og Fjordane (Fv365) gjekk mellom Askvoll og Værlandet, og mellom Landøy og Halsøy i Askvoll kommune. Vegsambandet mellom øygruppa Bulandet og øya Værlandet vart opna i desember 2003 etter å ha vore bygd på i to år. Vegen har eitt køyrefelt med møteplassar. Han fekk Vakre vegers pris i 2006.[1]

Trasear: Værlandet ferjekai – Værlandet (0,3 km), Landøy – Hillersøy (8,9 km)

I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og gamle Fylkesveg 365 i Sogn og Fjordane vart delt i tre: Fylkesveg 5662, Fylkesveg 5663 og Fylkesveg 5664.[2]

Trasé Veglengd No frådelt som
Ferjesamband Askvoll - Værlandet - Fylkesveg 5662
Værlandet ferjekai - kryss Soknavågsvegen 300 m Fylkesveg 5662
Landøy - Gjørøystraumen 6 635 m Fylkesveg 5663
Gjørøystraumen - Gjørøy 100 m Fylkesveg 5663
Gjørøystraumen - Hågøy 220 m Fylkesveg 5663
Hågøy - Bumannsneset 550 m Fylkesveg 5663
Hågøy - Gjelsa nord 300 m Fylkesveg 5663
Gjelsa nord - Fedøy 240 m Fylkesveg 5663
Gjelsa nord - Indre Gjelsa 170 m Fylkesveg 5663
Indre Gjelsa - Halsøy 940 m Fylkesveg 5663
Indre Gjelsa - Gjelsa aust 65 m Fylkesveg 5664
Gjelsa aust - Grånosa 370 m Fylkesveg 5664
Gjelsa aust - Hillersøy 1540 m Fylkesveg 5664

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]
Olssundet bru

Askvoll


Samband via kommunal veg (2,5 km)


Olssundet bru
  1. «Statens vegvesen: Årets vinner er Bulandet-Værlandet, Askvoll». 12. september 2006. Arkivert frå originalen 11. august 2007. 
  2. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.