Gamle Gulbrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Gamle Gulbrand», «Guro Lomodden» eller «Gamle Guro» er ein springar som er spela mange stader i landet. Slåtten er ein vandreslått på line med Tukthusen, dokumentert både i spel for hardingfele og vanleg fele. Melodien er skiftevis spela i dur eller moll.

Namnet «Gamle Guro» høyrer Numedal til, medan «Guro Lomodden» er den vanlege nemninga på slåtten i Telemark. Variantane frå Telemark er knytt til Lars Fykerud og Svein Løndal. Det er truleg Fykerud som har forma ut slåtten på Telemarksvis. Guro Lomodden var ei jente frå Seljord som var svært glad i å danse. Det finst og ein variant av Folkedalen som er kalla opp etter Guro. Mykje tyder på at slåtten har vore nytta i Seljord på eit tidleg stadie, men han er og gamal i Numedal, der han er knytt til Flesberg og tradisjonen etter Eivind Spellemann. Truleg er denne tradisjonslina den eldste.

I Hallingdal er slåtten best kjend som «Solmøy», medan namnet «Gamle Gulbrand» skriv seg frå stevet som ofte er knytt til slåtten.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

I Hardingfeleverket har slåtten katalognummeret 509, med sju variantar.

  • e: Solmøy, etter Sevat Sataøen, Ål [5][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1962 etter opptak i NRK (G 1403, NRK magn. 1874). Slåtten er etter spelemannen Tor Grimsgard frå Nes. Han gav og slåtten namn. Denne varianten er meir utbygd enn Ånestubben, og er meir nytta i dag.

Variantar er og skrivne ned etter Steingrim Haukjem, Kristiane Lund og Eivind Groven. .