Gamlebanken Spelemannslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gamlebanken Spelemannslag (skipa 2012) er eit spelemannslag frå Sogn og Fjordane. Gamlebanken har medlemmar frå kommunane Førde, Naustdal, Jølster, Gaular og Luster. Synnøve S. Bjørset er musikalsk leiar. Blant Gamlebanken sine medlemmar finn ein mellom anna Erlend Apneseth, Ingrid Heieren, Ingrid Schei Stuhaug, Iselin Mulen Eikås, Oda Heidi Bolstad, Dagfrid Vallestad Brevik, Geir Marius Thorud, Åslaug Timenes Bell, Sølvi Lien og Leif Erik Stuhaug.

Formålet til spelemannslaget er å dyrke ungt engasjement for tradisjonell folkemusikk. Gamlebanken Spelemannslag hadde eksistert som laust samansett lag i kring ti år då dei vart formelt stifta på årsmøte 6. april 2012. Spelemannslaget har unge medlemmar frå Sunnfjord og Sogn, og mange av utøvarane har hatt bla. fylkesmusikar og hardingfelenestor Sigmund Eikås som læremeister. Utøvarane har bakgrunn frå mellom anna kulturskulen i Førde, Firda vidaregåande skule, Ole Bull Akademiet, Indre Sunnfjord Spelemannslag og Naustedalen spelemannslag. Gamlebanken Spelemannslag kan syne til særs gode resultat både nasjonalt og internasjonalt. Mellom anna vann dei lagspelklassa under Landsfestivalen på Oppdal sommaren 2011 og i Kinsarvik 2019. Gamlebanken skipa til Vestlandskappleik i Førde hausten 2013, og vann klassa for lagspel med komp.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]