Gamlehaugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gamlehaugen

Offisielt namnNasjonaleiendommen Gamlehaugen
KallenamnGamlehaugen
AdresseGamlehaugvegen 10
5231 Paradis
StadBergen i Hordaland i Noreg
ArkitektJens Zetlitz Monrad Kielland
Kart
Gamlehaugen
60°20′34″N 5°20′11″E / 60.34285°N 5.33643333°E / 60.34285; 5.33643333

Nasjonaleiendommen Gamlehaugen, ofte berre kalla Gamlehaugen, gnr. 14 i Bergen (Fana), vart skilt ut frå Fjøsanger i 1809, og er namnet på statsminister og skipsreiar Christian Michelsen sin tidlegare bustad. Gamlehaugen er no museum og kongebustad i Bergen.

Gamlehaugen ligg i gamle Fana kommune, som frå 1972 vart ein bydel i Bergen kommune. Det staselege bygget ligg mellom Fjøsanger og Hop, ved Nordåsvannet. Bustaden er omgjeven av ein park, og ligg på ei høgde med utsyn over Nordåsvannet. Huset kan likna på eit lite slott. Arkitekten skal ha nytta skotske borgar som eit føredøme.

Huset vart teikna av arkitekturprofessor Jens Zetliz Kielland i 1899 og bygd i 1900. Arkitekten teikna møbleringsplanen og møblane i dragestil. Møblane vart utskorne i tre av Ingebrigt Vik, og var ferdige i 1902.

Eigedomen vart i 1925 overteken av den norske staten. Christian Michelsen sitt kontor er teke vare på, med minner frå unionsoppløysinga i 1905.

Ekteparet Benny og Christian Michelsen er gravlagd i fjellet søraust for hovudbygget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]