Gammalnorsk spælsau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gammalnorsk spælsau eller gamalnorsk spælsau, òg kjend som villsau, er ein sauerase som har halde på mange av eigenskapane til dei sauene som opphavleg var i Noreg og elles i Nord-Europa i eldre tid. Gammalnorsk spælsau er særs hardføre, og beitar som regel ute heile året.[1]

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Både vêrar og søyer kan ha horn eller vere kollete. Sauen skal ha kort hale (spæl) utan ullhår, kronelokk og tydeleg pannelugg, små øyro og livlege augo. Fargen på ulla kan variere breitt, frå svart gjennom, grått, blått og brunt til kvitt. Det er tydeleg skilnad mellom ullhår (tel) og dekkhår (tog). Ulla skal vere minst 17 cm over krysset.

Ulla til den gammalnorske spælsauen høver godt for husflidsformål.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den gammelnorske sauerasen var einerådande i Noreg fram til 1600-1700-talet. Frå tidleg på 1700-talet vart det importert sauer med finare ull og høgre slaktevekter frå Storbritannia. Sidan etterkommarar av dei importerte sauene vart føretrekte i avlen, vart dei gamle lokale korthalesauene nesten utrydda.

I 1912 vart det oppretta to avlsstasjonar for å berge det som var att av desse opphavlege sauene. Frå den eine avlsstasjonen har vi kystsau som vart grunnlaget for gammalnorsk sau. Frå den andre har vi korthalesau frå innlandet, som vart grunnlaget for moderne spælsau.

Gammalnorsk spælsau og moderne spælsau har stort sett same historie fram til rundt 1950. På 1960-70-talet vart det avla fram ein moderne spælsaurase med større og meir kjøtfulle dyr, og med meir vekt på kvit farge enn andre sider ved ullkvaliteten.

Gammalnorsk spælsau vart offisielt definert som ein eigen rase i 2002, etter at Landslaget for Gammalnorsk spælsau var stifta i 2001.[2]

Ætteboka for gammalnorsk spælsau er open, og spesielt når ein vel ut hanndyr for avlen legg ein vekt på å vidareføre dyr med eksteriør og rasepreg ein fann hos spælsauen før 1960.

I dag er det truleg omkring 3000 vinterfôra søyer av rasen, som ikkje lenger er truga, men enno kan reknast som sårbar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Klepp, Ingun Grimstad (17. desember 2021). «spælsau». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Landslagets historie», www.gammalnorskspelsau.no, henta 28. september 2022