Gammalprøyssisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gammalprøyssisk språk)
Gammalprøyssisk
Prūsiskan
Klassifisering Indoeuropeisk
 Baltisk
  Vestbaltisk
Bruk
Tala i Austpreussen
Område Baltikum
Gammalprøyssisktalande i alt Utdøydd
Språkkodar
ISO 639-3 prg

Gammalprøyssisk er eit utdøydd baltisk språk, som høyrer til den vestlege greina av dei baltiske språka. Det vart snakka av dei gamle prøyssarane, området deira var framleis på 1200-talet kystområdet mellom Weichsel og Memels nedste løp.

Krossriddarane av den tyske ordenen undertrykte prøyssarane, og allereie på 1500-talet var det avgrensa til det vesle området Samland (landet mellom Pregel og Den kuriske bukta). Den siste høgmeisteren for ordenen, den seinare hertug Albrekt av Prøyssen, prøvde å bruke språket til å spreie luthersk kristendom. Det er på grunn av verksemda hans vi har dei gammalprøyssiske katekismane frå 1545 og 1561. Språket døydde ut, sannsynlegvis i slutten av 1600-talet. I 1679 var det berre nokre få bønder i Samland som kunne snakke prøyssisk.

Gammalprøyssisk dannar saman med litauisk og latvisk den baltiske språkfamilien. Litauisk og latvisk står nær kvarandre, der gammalprøyssisk stod fjernare frå dei to.

Vi veit ikkje mykje om gammalprøyssisk. Primærkjeldene består av det såkalla Elbinger deutschpreussische vokabulär, Simon Grunaus prøyssiske vokabular og tre katekismeversjonar. Ortografien er ganske unøyaktig, men det er likevel mogleg å rekonstruere grammatiske trekk, som t.d. vokalkvantitet, på bakgrunn av dei skriftlege kjeldene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.