Gammalsaksisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gammalsaksisk
(Altsächsisch)
Klassifisering: indoeuropeisk
 germansk
  vestgermansk
   Nordsjøgermansk
Bruk
Tala i: Nord-Tyskland
Gammalsaksisktalande i alt: ingen, utdøydd språk
Språkkodar
ISO 639-1:
ISO 639-2:
ISO 639-3: osx
Eposet Heliand frå om lag år 830 er eit av få kjelder til gammalsaksisk språk, her Berlinerfragmentet

Gammalsaksisk (tysk altsächsisch) omfattar dei germanske språka om var i bruk i dei gamle busetnadsområda til saksarane og anglarane frå dei første skriftlege overleveringane til tidleg mellomalder.[1]

Omgrep[endre | endre wikiteksten]

Gammalnedertysk og gammalsaksisk har til vanleg same tyding, men omgrepet gammalnedertysk har den ulempa at det òg blir nytta som samleomgrep for gammalsaksisk og gammalnederlandsk (gammalnederfrankisk).[1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Gammalsaksisk og angelsaksisk skilde lag allereie på 400-talet og språket til dei engelske anglarane og saksarane blir til vanleg ikkje rekna som tilhøyrande gammalnedertysk. Utviklinga av nedertysk i dei austfrankiske områda, seinare Det tysk-romerske riket, blei etter Karl den stores erobring og tvangsomvending sterkt påverka av høgtyske dialektar.[2]

Nærskylde språk[endre | endre wikiteksten]

Gammalengelsk og gammalfrisisk ligg ganske nært gammalsaksisk og dei tre språka blir slått saman i omgrepet nordsjøgermansk. Andre nærskylde språk er gammalnederlandsk og gammalhøgtysk.[3][4]

Det moderne nedertyske språket, platttysk, er etterkommar etter gammalnedertysk.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Utbreiingsområdet til det gammalnedertyske språket på 800-talet er ikkje godt dokumentert, men omfatta hovudsakleg dagens Niedersachsen, Westfalen, Lippe og Ostfalen, inkludert områda på den orografisk venstre sida av Elben om lag frå Halle til Magdeburg.

I sør gjekk språkgrensa mot frankisk språk, og dermed gammalhøgtysk, langs ei linje frå Merseburg, Göttingen, nordvest for Kassel, Korbach til Sauerland og Ruhrområdet. Dermed høyrer også den nordvestlege delen av Hessen til det gammalsaksiske språkområdet.

Takk vere den blømande hanseatiske handelen utvikla gammalnedertysk seg til eit skrift- og forretningsspråk.

Kjelder til språket[endre | endre wikiteksten]

Det finst berre få kjelder til gammalsaksiske og gammalnederlandske språk. Døme er dåpsdokument som saksarar måtte framseie til Karl den store og framfor alt i det store episke verket Heliand. Dei fåtallige andre kjeldene er stort sett omsetjingar frå latin, og difor med avgrensa vokabular. Mange av kjeldene er oppteikna av frankarar og bayarar med lite kjennskap til saksiske språk. Kjeldematerialet for det nærskylde angelsaksisk er langt rikare, til dømes gjennom Beowulf-eposet.

Språkdøme[endre | endre wikiteksten]

Språkprøve frå Heliand; avsnittet er ein episk gjenfortelling av opningsversa i 2. kapittel av Lukasevangeliet, dvs «I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda» osb:

Thô ward fon Rûmuburg rîkes mannes
obar alla thesa irminthiod Octaviânas
ban endi bodskepi obar thea is brêdon giwald
cuman fon them kêsure cuningo gihuilicun,
hêmsitteandiun sô wîdo sô is heritogon
obar al that landskepi liudio giweldun.
Hiet man that alla thea elilendiun man iro ôdil sôhtin,
helidos iro handmahal angegen iro hêrron bodon,
quâmi te them cnôsla gihue, thanan he cunneas was,
giboran fon them burgiun. That gibod ward gilêstid
obar thesa wîdon werold.

Det var frå Rom, [at] mannen som herska
over alle desse menneska, Oktavian,
sende bod til dei han rådde over,
[bodet] kom frå keisaren, til kvar ein konge,
fyrstar [og], så langt som til hertugane
over alle landskapa folka herska over.
[Der stod det], at [alle] menneske som [budde] utanlands skulle oppsøke sine heimplassar,
krigarane fedrehusa, herrane deira derimot landområda,
kvar og ein til den slekt han stamma frå,
til borga der han vart fødd. Det bodet vart etterfølgd
over denne vide verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Steffen Krogh, Die Stellung des Altsächsischen im Rahmen der germanischen Sprachen. Vandenhoeck & Ruprecht, Göttingen 1996. ISBN=3-525-20344-6. sidene=70+83-84
  2. Claus Jürgen Hutterer, Die germanischen Sprachen : ihre Geschichte in Grundzügen, 2. opplag, Drei-Lilien-Verlag, Wiesbaden 1987. ISBN=3-922383-52-1 s. 243, kap. IV.3.61
  3. Claus Jürgen Hutterer, Die germanischen Sprachen : ihre Geschichte in Grundzügen, 2. opplag, Drei-Lilien-Verlag, Wiesbaden 1987. ISBN=3-922383-52-1. S. 195, Kap. IV.3.1
  4. Adolf Bach, Geschichte der deutschen Sprache, VMA-Verlag, Wiesbaden, s.78ff (§ 44)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Gammalsaksisk ved Wikisource (de).