Gamnes i Harstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gamnes gard ligg i grenda Ervik, om lag 5 km frå Harstad sentrum i Harstad kommune. Garden har gardsnummer 78. Han blei skilt ut som eigen gard i 1832. Sjølve garden er på om lag 3000 dekar.

Namnet kjem truleg av ordet gamme, sidan det fanst gamle gammetufter i nærleiken av der kor brygga ligg i dag. Etter det ein kjenner til fanst det fram til 1744 ikkje nokon andre hus enn gammar på garden. Det finst enno restar etter jordgammar i området.

Det har vore opptil sju husmannsplassar under Gamnes.

Inntil 2005 vart garden driven med kjøt- og mjølkeproduksjon. Etter det vart Gamnes gard omlagt til å vere ein inn på tunet-gard. Han er og vertsgard for Harstad hestesportsenter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

68°49′12″N 16°29′31″E / 68.82°N 16.492°E / 68.82; 16.492